Moro for middelklassen
Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.
Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.
Foto: Prime Video
Komedie / Drama
Regi: Cord Jefferson
American Fiction
Med: Jeffrey Wright, Issa Kae, Erika Alexander
Prime Video
Forfattaren Thelonious «Monk» Ellison (Wright) underviser lettkrenkte studentar og riv seg i håret over både dei og det siste romanavslaget han fekk. På eit oppdrag for ein litteraturfestival høyrer han forfattarkollega Sitrana Golden (Kae), som gjev folket og forleggjarane det dei tydelegvis vil ha, og som Monk ikkje gjev dei: Lidingshistoria til den svarte mannen og kvinna, slik kvite folk framleis likar å tenkja på dei.
Samtidig må han tilbake til Boston, familien og det gamle middelklasselivet han er del av, og som er kvardagen hans, og ikkje som Sitrana skildrar i bestseljarboka We’s lives in da ghetto.
My pafology
Å, det er fornøyeleg underhaldning, dette! Kall det snobbete, men eg trur American Fiction vil appellera mest av alt til dei som les nettopp amerikansk fiksjon, eller i det minste har kjennskap til bokbransjen og alt snobberiet her. Når det er sagt: Filmen er akkurat av den typen som gjer at eg stadig blir sitjande og le høgt for så i neste augeblikk bli usikker på om eg eigentleg ler av meg sjølv no.
«Det er til tider i overkant karikert.»
Eg tenkjer at eg og Monk, me forstår kvarandre – som om ikkje han med eit halvt auge ville sjå meg som akkurat dei han vil til livs: politisk-korrekt-middelklasse-boklesarar av den bleike sorten. Men eg er jo ikkje som alle dei andre! Eller? Og sånn fortset det.
Filmen er likevel langt snillare i kritikken av sitt publikum enn til dømes The Square (2027) av Ruben Östlund. Men her er altså raseaspektet inne i biletet i tillegg, og det i eit land med si heilt eiga form for rasisme og bakteppe. Ingen skal kjenna seg trygge – heller ikkje melaninrike sjåarar – men er det likevel akkurat noko ørlite for trygt med American Fiction?
Hipt håp
No når sjølvinnsikta er unnagjord, og eg sit i sofaen med ein pikyrande liten pisk bak spegelen berre i tilfelle: Nei, no kosar eg meg! Det er lenge sidan eg har sett den typen amerikansk dramakomedie med personleg frustrasjon i framsetet, litt som enkelte Woody Allen-filmar (eller vent, litt som dei fleste Woody Allen-filmane), og der eg berre tek inn den fine New England-estetikken, tregolva som alltid er bada i varmt sollys, vellukka menneske som ikkje heilt får det til.
Og ja visst må det vera irriterande som svart person å ikkje sjå seg sjølv representert slik Monk kjenner seg: som ein ressurssterk fyr med ressurssterk bakgrunn. Det var kanskje nytt med The Cosby Show på åttitalet, der far i huset var lege og ungane dermed velståande, men det er ein generasjon sidan. Likevel kjennest det latterleg gjenkjenneleg, overvekta av filmar som nettopp tek for seg den kriminaliserte afroamerikanaren. Som Monk påpeikar: «Dårlege fedrar, rap, dop og hovudpersonen blir drepen av politiet til slutt – kva kan vera svartare enn det?»
I all systemisk rasisme eg verkeleg trur eksisterer i USA, gjer det godt å le av mangelen på nyansar i populærkulturen her. Og le, det gjer eg masse mens eg ser American Fiction. Det er til tider i overkant karikert, særleg dei melaninfattige rollene, men sidan heile premissen er karikatur, tolest det godt. Så ok, kritikken er lett og opplagd, hovudpersonane er i overkant vellukka, og kanskje har eg på eit eller anna snedig vis gått glipp av noko, men det får våga seg, for eg har storkost meg, og av og til er det alt eg treng av ein film.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Americal Fiction
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.