Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Når dei rike stel

Finst det von om internasjonal rettferd på kulturfronten?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den franske kolonimakta stal fleire enn 7000 kunstgjenstandar frå det afrikanske kongedømmet Benin.

Foto frå filmen

2257
20241025
2257
20241025

Glimt frå den 25. filmfestivalen

Den 25. utgåva av Bergen internasjonale filmfestival er gjennomført. Blant dei over 120 filmane publikum har kunna velja mellom, presenterer vi tre som kvar på sitt vis fortel noko om føresetnadane for verda og tida vi lever i.

Dokumentar

Regi: Mati Diop

Dahomey

BIFF

I perioden 1872–1960 var det afrikanske kongedømmet Dahomey, i dag republikken Benin, fransk koloni. I løpet av den tida stal franskmennene over 7000 kunstgjenstandar frå landet og plasserte dei i franske museum. På svært originalt vis fortel denne filmen om då 26 av desse gjenstandane blei returnerte til Benin, noko beninarane visstnok skal vere evig takksame for. Om lag slik vi vel skal vere takksame for at Danmark i jubileumsåret for Magnus Lagabøtes landslov har lånt oss det finaste eksemplaret av landslova vår.

Opplysande debatt

Filmen vann Gullbjørnen på Berlin-festivalen i år, og det spesielle er at forteljaren er ein statue av han som var konge i Dahomey i 40 år på 1800-talet.

Samstundes kjem dagens unge beninarar til orde gjennom ein heftig og svært opplysande studentdebatt om kva det vil seie å få tilbake nasjonale symbol og den stadig stygge arven etter kolonialismen. Kva inneber det til dømes å få att ein ørliten bit av det som var landets historiske arv, kultur og identitet? Og kor lang tid vil det ta før dei har fått alt tilbake – om nokosinne?

Store pengeverdiar

Enkelt og direkte set filmen lys på ei side ved kolonialismen som det helst ikkje skal snakkast om. For det som for dei opphavelege eigarane handlar om identitet, representerer store pengeverdiar for dei som på ulovleg vis har skaffa seg desse skattane. Og slikt ran skjer stadig, vi såg det ikkje minst då USA og medskuldige knuste Irak og opna for storstilt kunstplyndring.

Også Noreg har «uteståande» gjenstandar, men vi har vel også eitt og anna som høyrer andre til. Eg veit det er naivt, men likevel: Kanskje denne filmen kunne bli startskotet til ei større, internasjonal opprydding?

Jan H. Landro

Les også:

«Verdas ròtenskap» (melding av Soundtrack to a Coup D'Etat, regi: Johan Grimonprez)

«Kva er det vi ikkje må vite?» (melding av De rettsløse, regi: Lena-Christin Kalle)

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis