«Nokon seier 'oh, my god', andre 'it’s amazing'. Slik går dagane i USA.»
Justin Baldoni og Blake Lively.
Foto: Filmweb
Romantisk drama
Regi: Justin Baldoni
Det ender med oss (Orig.tit.: It Ends With Us)
Med: Blake Lively, Justin Baldoni, Jenny Slate, Hasan Minhaj
Kinofilm
Lily Bloom (Lively) skal opne blomebutikk i Boston. Ho kom nett seint i gravferda til faren. Han slo mora. Ofte. Når Lily no sit på eit tak og ser utover storbyen, dukkar ein «tall dark stranger» opp, den veltrente, vakre og rike Ryle (Baldoni). Før han ser ho, har han eit raseriutbrot mot ein stol. Noko hadde gått gale på jobben som vellukka neurokirurg. Dei flørtar før han må tilbake på jobb. Lukka vil at han viser seg å vere bror til Allysa (Slate), som har byrja å jobbe saman med Lily. Stemninga blir god.
Fram og tilbake
Forfattar Colleen Hoover veltar kioskar med bøkene sine. No har Justin Baldoni laga film av Det ender med oss. Han er ingen stor skodespelar i rolla som Ryle, men kan spele på strenger med klare tonar som regissør. Han vil vel. Filmen er full av små, men tydelege frampeik. Ei harmlaus hand, ein velmeint kommentar. Små teikn på å vilje kontrollere. Ei tidleg scene er ei slags øving i samtykke. Filmen er didaktisk. Ein ser enkelt overraskingane kome. All slump er søkt.
Tilbakeblikk syner ungdomskjærleik, men òg valden som har gjeve henne traume. Den fyrste kjærleiken hennar var ein heimlaus kar som flykta frå ein valdeleg heim. Dei delte vonde erfaringar og gode verdiar. Nokre tilbakeblikk fungerer godt, andre forklarar for mykje.
Blake Lively driv eigen blomebutikk i filmen Det ender med oss.
Foto: Filmweb
Litt lengre
Blomar blir brukt som bilete på menneske. Dei ofte preglause poplåtane har stundom tekstar med ei hjelpande teskei. Vi får ingen skarpe kantar. Baldoni gir på med all glansen av rike, vellukka folk. Kamera kviler på «perfekte kroppar» før moralpolitivennlege sexscener. Nokon seier «oh, my god», andre «it’s amazing». Slik går dagane i USA.
Publikumspotensialet til Det ender med oss er stort. Vald i heimen er eit uhyre viktig tema. Det kan ramme heime hos ein akta ordførar, som far til Lily. «Sanninga er ikkje alltid vakker», seier eit vakkert menneske til eit anna vakkert menneske.
Tunge strykarar og flagget til USA vekkjar dei verste fordommane i meg i opningsscena. Filmen innfrir på mange måtar frykta mi. Likevel er det nok brukbart handverk og verdifulle nyansar til at eg heng med og blir rørt når Baldoni gjev ordre om klump i halsen. Dessutan må ein hylle folk som vel den breiaste, kommersielle vegen for å få verda til å bli betre for flest mogeleg. Ære vere den krystallklare bodskapen i tittelen.
Filmen er glatt, vakker og viktig. I sjiktet av konvensjonelle og lettare fantasilause filmar av regissørar frå USA denne sommaren innkasserer Baldoni ein solid siger over skvipet til Woody Allen og Kevin Costner.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Det ender med oss
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media