Pappajenter
Denne fintona dokumentarfilmen riv i hjarta.
Ei dotter møter faren som sit i fengsel.
Foto: Netflix
Dokumentarfilm
Regi: Angela Patton og Natalie Rae
Døtre (Orig.tit.: Daughters)
Ny film på Netflix
I eit fengsel i Washington D.C. førebur fedrar seg på å møte døtrene sine. Det er fyrste gong på veldig lenge for dei fleste. Heime grundar døtrene på kva forhold dei har til fedrane.
Mange gler seg. Nokre gruar seg snarare til å møte ein framand far som har skuffa. Alle er spente på «Date With Dad», ein dag då desse får møtast stivpynta for ein prat og ein dans i gymsalen til fengselet.
Smelteverk
Døtre er full av fine folk. Vi veit ikkje kva mennene har gjort, men lengdene på nokre straffer tyder på at det ikkje er småting. Men dei er ikkje dumme. Sjølv desse har mykje godt i seg. Det raknar sjølvsagt i eigne tårekanalar når hardbarka menn græt i møte med borna.
«Eg forstår godt at filmen vann publikumspris på Sundance-festivalen.»
Nokre av jentene er tenåringar. Andre yngre. Stjerna over alle er fem år gamle Aubrey. Ho er god i matematikk og reknar på kva tid faren blir fri att. Stundom slår håpet rekninga. Ho sjarmerer meg i senk.
Ein kan ikkje anna enn å smelte fullstendig. Møtet gjer noko med mennene òg. Målet er at dei ikkje skal ryke inn igjen når dei slepp ut, og at dei skal påverke døtrene meir positivt. Kanskje blir dei mjukare.
Dokumentarfilmskapar Natalie Rae har med seg aktivisten Angela Patton på regi. Patton starta prosjektet filmen skildrar, og driv organisasjonen Girls For A Change, som skal fremja sjansane for svarte jenter. Rolleblandinga fungerer utmerkt. Engasjementet for saka og kjærleiken til folka er tydeleg. Tilgangen til situasjonane vitnar om at dei har vunne tillit på eit vis alle dokumentaristar drøymer om. Eg forstår godt at filmen vann publikumspris på Sundance-festivalen.
Atterhald
Prosjektet har god effekt, men filmen skjuler ikkje problem. Vonbrot er vanleg. Fengselsindustrien i USA er som kjent pill ròten. Selskapa som tener seg rike på å fengsle flest mogeleg, tek betalt for at familiar skal få ein prat på skjerm, medan dei forbyr vitjingar.
Filmen rettar likevel ikkje nokon flengjande kritikk av systemet. Regissørane held att. Dei styrer unna eksplisitt politikk. Musikken er mild og effektfull i staden for å insistere dramatisk. Kamera og mikrofonar kviler i rommet. Dei plukkar opp fine augneblinkar. Ein høyrer noko tankevekkjande som ein ikkje heilt veit kven som sa. Scenene frå utsida er ofte poetiske. Ljos, mørke og fargar spelar saman.
Tonen er alt anna enn alt eg assosierer med dokumentarfilmar frå USA som vil gjere verda til ein betre stad. Dei blir fort masete og pompøse. Ingen skurkar får passet sitt påskrive i blokkbokstavar i den stilsikre regien til Rae og Patton. Fordommar frå filmhistoria om kriminelle i USA får seg ein knekk. Medkjensla dominerer.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.