JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

2701
20240510
2701
20240510

Drama

Regi: Charlotte Le Bon

Falcon Lake

Med: Joseph Engel, Sara Montpetit, Monia Chokri, Arthur Igual
Månadens film på Cinemateket

Sommaren i Quebec er varm. Bastien (Engel) er snart fjorten. Familien hans vitjar heimtraktene til mora (Chokri). Venninna hennar har dottera Chloé (Montpetit) på seksten. Ho er tøff. Mora kallar ho heks. Chloé er oppteken av at det spøkjer i vatnet dei plar bade i. Bastien er oppslukt av jenta som ligg framom han i tenåringsløypa.

Ô Canada

Charlotte Le Bon har ein solid karriere som skodespelar og debuterer no som spelefilmregissør. Ho lukkast. Falcon Lake er presis i stilen, har fjong sjangerleik og manar effektfullt fram kjensler. Smalt biletutsnitt fremjar fokuset til Bastien, det tett trekledde landskapet og klamme sosiale situasjonar.

«Dei flaue og teite trekka hjå ungdom er truverdige.»

Håkon Tveit om Falcon Lake

Forteljinga er ramma inn som stillfarande oppvekstdrama om den store sommaren med fyrste forelsking, men stendig kjem morbide drypp av hint til skrekksjangeren. I opningsscena verkar det som det ligg eit lik i vatnet. Chloé poserer no og då livlaus. Ein plakat av Hitchcocks Psycho, flittig bruk av laken, ein hang til å få Bastien og oss til å kveppe. Dei tydelege hinta leikar med publikum. Musikken til svenske Shida Shahabi er glitrande. Ho utporsjonerer pertentleg og spreier vakkert uro utan å ty til det trauste.

Canada har fått sving på sjangerfilm med grøssarar som Violation av Madeleine Sims-Fewer og Dusty Mancinelli og komediar som Shiva Baby av Emma Seligman, og ei blanding av begge i Humanist Vampire Seeking Consenting Suicidal Person av Ariane Louis-Seize med Sara Montpetit i hovudrolla. Monia Chokri, som spelar mora til Bastien, regisserer dei friskaste canadiske komediane, som The Nature of Love. Med folk som Le Bon og Chokri byr Quebec på meir enn stjerneregissør Xavier Dolan.

Guten gløttar

Kameraet til Kristof Brandl fangar blikket til guten på veg inn i puberteten perfekt. Bastien er usikker og keitete. Alle blikk er løynde. Utan at han glanar, forstår vi at Chloé fyller all merksemda hans. Framstillinga er søt og sår. Dei flaue og teite trekka hjå ungdom er truverdige. Maktspelet òg.

Kule Chloé er tryggare med ungguten enn med dei eldre som festar rundt bålet. Den flotte tonen i bileta liknar nostalgisk mimring, slik ein minnest unge somrar der alt står på spel. Falcon Lake er kul, stilig, men ber varme, leik, frykt, forelsking og sorg. Le Bon fangar alle kjenslene med ein stram første film.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Falcon Lake

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis