This ædnan is your ædnan
Forfriskande skildringar av føkkings Nesseby, om enn med litt overtenning på å koma det korrekte i forkjøpet.
Filmen til Egil Pedersen hadde verdspremiere på filmfestivalen i Toronto i september.
Foto: Ymer Media
Drama, komedie
Regi: Egil Pedersen
Biru Unjárga – Føkkings Nesseby
Med: Sarah Olaussen Eira, Ingá Elisá Påve Idivuoma, Aslat Mahtte Gaup, Nikolaj Coster-Waldau
Kinofilm
Unge Elvira (Eira) bur med mora (Idivuoma) som er lesbisk, og som fekk dottera med hjelp av ein fertilitetsklinikk i Danmark for sånn kring seksten år sidan. Elvira vil helst at faren skal vera skodespelar Nikolaj Coster-Waldau (som spelar seg sjølv her), men så dukkar fengselsfuglen Terje (Gaup) opp, og Elvira innser at kanskje versjonen til mora ikkje stemmer heilt.
«For mest av alt er sjølvsagt 'Biru Unjárga' ein ungdomsfilm.»
La Elvira leve
Du, kor fabelaktig at det stadig kjem spelefilmar og TV-seriar der samisk blir brukt for alt det er verdt. For det er verdt svært mykje, særleg når det blir satsa som her, på ungdomsfilm. Det er dessverre ikkje tvil om at mange samar framleis opplever det som ubehageleg å seia at dei er det.
Tilfanget av skodespelarar blir noko avgrensa, men trass i at Gaup-namnet dukkar opp i dei fleste rulletekstar, er det bra jobba å oppdriva såpass mange nye både unge og vaksne talent til å fylla rollene. Og med Eallogierdu (Tundraens voktere) tidlegare i år og suksessen Ellos eatnu (La elva leve) frå i fjor er det etter kvart såpass mange at dei kanskje snart slepp å bli litt urettferdig stempla «samisk film», men berre «film».
For mest av alt er sjølvsagt Biru Unjárga ein ungdomsfilm, ein identitetsutforskande, lettliva kik inn i eit lite samfunn der alle kjenner alle, og der den sjarmerande hovudpersonen Elvira ikkje fort nok kan koma seg vekk derifrå. Meir universelt kan du ikkje få det.
Tuppemor
Det er få reinsdyr, lavvoar og snøskuterar å sjå, ungdommane bryr seg mest om telefonane sine, å vera moteriktige og få så mange følgjarar på Instagram som mogleg. Sånn sett bra truverdig, utanom kompisen til Elvira som er heilt opphengd i Karl Marx – det er jo for godt til å vera sant. Det er likevel noko med manus som ikkje sit heilt. Her er så lessa på med engelske ord og uttrykk og referansar til woke og ironiske referansar til «arktisk tankegods» at filmen druknar i si eiga sjølvinnsikt.
Manusforfattar og regissør Egil Pedersen har fått litt overtenning, såleis uteblir både kritikken og komikken, og det var vel ikkje det som var meininga. Dynamikken mellom Elvira og den irriterande so-me-opphengde klasseveninna blir i overkant Tuppen og Lillemor, og igjen for overtydeleg om dette med kor overflatiske influensarar er. Eg kan ikkje forstå at dei som denne filmen er mynta på, kjøper dette, men IDK, som ungdommane sikkert ikkje lenger skriv og seier.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Biru Unjárga – Føkkings Nesseby
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fiskemiddag: Ja, men pass på – det er ikkje berre paneringa som skjuler noko her.
Foto: Pxhere.com
Du skal aldri, aldri, aldri skode fisken på pakningen.
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.
Foto: Gyldendal
Erfaringar av tap og nytt liv
Debutdikta til Anngjerd Rustand eig omhug for omverda og er skrivne med klårleik og vent, sanseleg nærvær.