JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Utførleg fest

Du har ikkje sett maken – om du ikkje har sett dei andre filmane til Alice Rohrwacher, då.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gammal og ny tid møtest i filmen til regissør Alice Rohrwacher.

Foto: Mer Film

2599
20240705
2599
20240705

Drama, eventyr, komedie

Regi: Alice Rohrwacher

Fortidens skatter (Orig. tittel: La Chimera)

Med: Josh O’Connor, Carol Duarte, Vincenzo Nemolato, Isabella Rossellini
Kinofilm

Vi er i 1980-åra, på landsbygda utanfor Roma, og ein gjeng tvilsame livsnytarar lever av å finna gravskattar som dei sel til private samlarar.

Den som har teften og finn fram til gravene, er den forsofne engelskmannen Arthur (O’Connor). Han vender tilbake til barndomsheimen til sin store kjærleik, Beniamina.

Mora til Beniamina (Rossellini) sørger framleis over at dottera er borte, men får hjelp i det gedigne, nedsarva herskapshuset av hushjelpa Italia (Duarte) i byte mot songtimar.

Fiesta

«Over stokk og stein» er eit relativt dekkande uttrykk for Fortidens skatter, som kanskje heller burde fått behalda originaltittelen La Chimera for å ikkje høyrast ut som eit program på History Channel.

Kimæren er eit mytologisk gresk eldsprutande vesen, og i ei scene der Arthur har fått ferten av ei grav og famlar rundt, seier ein i gjengen at det er kimæren som hjelper han å peika ut stadene. Ja, det blei kanskje noko utførleg. Og utførleg er eit dekkande omgrep for den nyaste filmen til Alice Rohrwacher.

Dei mest kjende tidlegare filmane hennar, Miraklene i Toscana (2014) og Lykkelige Lazzaro (2018), har dei same fantasifulle, naturalistiske elementa som ho verkeleg meistrar til fulle, eller sagt på ein annan måte: ein unik balansegang mellom magi og sosialrealisme.

Siesta

Det er verkeleg slåande vakkert og finurleg på sitt heilt eigne vis, men eg vil seia du må vera ekstra glad i dette erkeitalienske for å fullt ut setja pris på all forteljande song, lange sekvensar med detaljar og treige festar der ein skal sjå kvart einaste olme og/eller kåte blikk som går mellom borda.

Det går an å kjeda seg på ein storslegen fest, og innimellom under Fortidens skatter gjer eg det. Eg er ikkje Rohrwachers største fan. Samtidig så er det ein fest eg hadde ergra meg over å gå glipp av.

Fargar og foto poppar ut av lerretet, filminga skjer vekselvis i 16 mm og 35 mm, brått er det rask film, brått kjem det ein snutt Kraftwerk-musikk – og som eit visuelt blikkfang gjennom det heile: uttrykksfulle Josh O’Connor. Og når festen har eit sånt midtpunkt, kjennest det aldri heilt bortkasta at ein tok turen.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast
filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Det går an å kjeda seg på ein storslegen fest, og innimellom gjer eg det.»

Brit Aksnes om Fortidens skatter

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis