Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett
Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.
Foto: Arthaus
Drama / Komedie
Regi: Blandine Lenoir
Vår Juliette
Med: Izia Higelin, Sophie Guillemin, Jean-Pierre Darroussin, Salif Cissé
Kinofilm
Juliette (Higelin) slit med depresjon og reiser heim til jenterommet i småbyen, der stort sett heile familien bur, inkludert den jorda faren (Darroussin) og systera Marylou (Guillemin) som har nokon på si, og i huset til bestemora bur leigetakaren Pollux (Cissé). I dette huset bur også minne, nokre gode, nokre mindre gode, og nokre av dei betre gøymde enn andre.
«Sophie Guillemin strålar verkeleg i rolla som Marylou.»
Brit Aksnes om Vår Juliette
Dramakomedie
Franske filmar som lovar kombinasjonen drama og komedie, pleier skru på nokre fordomsfulle knappar i systemet mitt. Heldigvis er fordommar til for å gjerast til skamme, og det gjer Vår Juliette. Det kan også vera at eg hadde skratta meir om eg kunne fransk, då mykje humor forsvinn i omsetjinga.
Eg ler derimot høgt av katten som snublar i takrenna, ein scene som funkar utan teksting. Når det gjeld dramamerkelappen, så er den gjerne langt mindre dramatisk enn ordet skulle tilseia. Så også her: Farseelementa er velsigna fråverande (for det meste), og det som oppstår av drama, er relaterbart (for dei fleste).
Ledig
Søskenforhold kan ofte vera meir interessante enn den noko overanalyserte relasjonen barn–forelder. Alle familieforhold endrar seg gjennom livet, men søsken må takla utviklinga som jamaldrande. Dette kjem særs godt fram i Vår Juliette.
Juliette lyt sjå vekk frå sine eigne indre problem i møte med den tydelege og, ja, meir dramatiske systera Marylou, og dei ulike, men like fullt utfordrande livsfasane deira. Sophie Guillemin strålar verkeleg i rolla som Marylou. Og jammen er det morosamt, sjølv med tekst, når ho seier til ektemannen at «det er ikkje sexy å ligga med ein i familien».
Filmen er lett og ledig, med passelege dosar sprø foreldre, nakenrulling i graset og surrete dating-forsøk til at han innfrir forventningane kategorien «fransk dramakomedie» byr på, og fordommane mine får eg spara til ein annan gong.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.