Von for verstingar
Dokumentaren til Kari Anne Moe er ei kjærleikserklæring til Mina Hadjian og fengselsfuglar.
Mina Hadjian saman med Rune.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Dokumentarfilm
Regi: Kari Anne Moe
Mina og røverne. Et ganske føkka eventyr
Med: Mina, Rune, Dennis, Josh, Martine
Kinofilm
Den rappkjefta og alt anna enn konfliktsky Mina Hadjian fekk fyken frå NRK P3 trass i stor suksess. Nokre år seinare byrja ho å lage Røverradion. Denne nye sjansen hennar handlar om å gje folk i fengsel ein ny sjanse.
Det prisvinnande programmet er grådig populært. No inspirerer Mina og røvarane hennar liknande prosjekt internasjonalt. Dokumentarfilmskaparen Kari Anne Moe har følgt Mina og tre av skurkane og hyllar prosjektet med denne kinodokumentaren.
Røff guide
Moe er ikkje redd for å kome tett på tvilsame typar. I den førre dokumentarfilmen hennar, Pøbler, frå 2015, møtte vi ungdom som fort kan stå i fare for å hamne på skråplanet, slik røvarane i den kinoaktuelle Mina og røverne har gjort. Ein veit aldri heilt kor ferda går som dokumentarist. Den fyrste langfilmen til Moe var Til ungdommen, eit portrett av ungdomspolitikarar som tok ei tragisk vending då terroren ramma AUF før filmen blei ferdig i 2012.
Trailer: Mina og røverne
Mina er ein tøffing. Den ruskete stilen passar fint for «laushundane», som Rune kallar slike som han sjølv. Ho er eit førebilete, men måtte finne sin eigen veg for å få det til. Filmskaparane held det òg røft.
Dei er midt i dramaet, med fokus på tilgang og observasjon. Formidlinga av den medvitne regien på radioprogramma minner om at dokumentarsjangeren òg er driven av klar regi.
Informasjon om Mina dryp jamleg, gjerne som kommentarar på telefonen. Trass i openberr kjærleik til mann og born ser ein lett at ho er mykje borte frå dei næraste, slik røvarane òg ofte er.
Framandfolk
Alle er utanfor på sitt vis. Dei tre karane vi møter, er eller har vore innestengde, utanfor samfunnet i lange tider. Mina har kjent på utanforskap sjølv, med iransk far i eit Fredrikstad prega av nådelaus rasisme i oppveksten.
Diskriminering har ramma dei vanekriminelle òg. Rune har traume frå ei skuletid med ein rektor som hata samar som han, medan skeive Dennis ikkje har det lett i fengsel, der han grundar på å vere fødd i feil kropp. Spesielt Rune og Josh er vane med vald, dop og den evige svingdøra mellom fengselet og verda utanfor.
Å få si stemme på radio har enorm verdi for desse. Dei treng å kjenne at dei har noko å fare med. Då ting tar av i Ukraina i 2022, tenkjer Rune at hans hang til vald kan bidra positivt som framandkrigar.
Det er sprøtt å sjå at han nok trivst betre med krig enn med fred. Når han kjenner seg pressa i vanlegare samanhengar, er det lett å sjå at han kan vere ein farleg mann, trass i sjarmen.
Von og vondske vekslar fort. Filmen veit å fremje det gode. Mina og røverne er tung og fin samstundes.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Alle er utanfor på sitt vis.
Fleire artiklar
Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.
Foto: Anne-Line Aaslund
«Moren» og søstrene hennar
Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.
Metodeskuggespel med filter
Yanyas tredje album er innovervendt og lite oppsiktsvekkjande.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.