Film

Filmbonanza i Berlin

BERLIN: Så mange filmar, så lite tid.

Filmen som Aleksej German jr. har laga om forfattarane Sergej Dovlatov og Joseph Brodsky, er eit høgdepunkt på filmfestivalen i Berlin, skriv Erika Fatland.
Filmen som Aleksej German jr. har laga om forfattarane Sergej Dovlatov og Joseph Brodsky, er eit høgdepunkt på filmfestivalen i Berlin, skriv Erika Fatland.
Publisert

Førre torsdag opna Die Berlinale dørene for 68. gong, i år med Wes Andersons animasjonsfilm Isle of Dogs som det store trekkplasteret. Nok ein gong er Potsdamer Platz invadert av bransjefolk og filmjournalistar frå alle himmelstrøk. Berlinalen er blant dei mest prestisjefylte internasjonale filmfestivalane: Over 300.000 billettar vert rivne vekk kvart år, noko som gjer Berlinalen til den største filmfestivalen i verda målt i talet på besøkande.

Langt mellom perlene

I løpet av elleve hektiske dagar vert det vist over fire hundre ulike filmar på kinoane ved Potsdamer Platz. Med så stort utval seier det seg sjølv at det ikkje er mogleg å få med seg alt, og det er kanskje like greitt. Eg gjekk til dømes glipp av Lav Diaz’ 234 minutt lange film Ang Panahon ng Halimaw (Djevelens tid), ein filippinsk rockeopera om militærjuntaens undertrykking av ein isolert landsby på slutten av 1970-talet. Eg fekk heller ikkje med meg Nesrine Khodrs videoinstallasjon Extended Sea, eit tolv timar langt uavbrote opptak av ei kvinne som sym fram og tilbake i eit symjebasseng.

Å vere på filmfestival er som å fiske, uttalte ein garva tysk filmkritikar nyleg til Der Tagesspiegel. Ein må vere tolmodig, og som regel vert ein skuffa. Til dømes har eg likt alle filmane Isabelle Huppert har spela i, og troppa derfor opp til Eva med lyst sinn. Her spelar Huppert ei gåtefull luksusprostituert, men ikkje eingong ei sur Huppert iført parykk og med pisk i handa klarte å dekke over at plottet var like syltynt som i ein gjennomsnittleg pornofilm.

Melankolsk om sensur

Heldigvis har det også vore nokre høgdepunkt. I Dovlatov, regissert av Aleksej German jr., følgjer me den russiske forfattaren Sergej Dovlatov gjennom ei veke i Leningrad på 1970-talet. Både han og diktarvennen Joseph Brodsky kjempar tappert mot sensur og kravet om å skrive «oppbyggeleg, optimistisk litteratur»; begge enda med å emigrere til USA. Dovlatov fekk aldri publisert noko i Sovjetunionen medan han levde, men etter perestrojkaen gjekk russarane mann av huse for å kjøpe bøkene hans.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement