Bok

Fire britiske diktarar på norsk

Hans Johan Sagrusten har gjendikta poesi av diktarar som kjempar mot undergangen på kvar sin måte.

Hans Johan Sagrusten er teolog, forfattar og bibelomsetjar.
Hans Johan Sagrusten er teolog, forfattar og bibelomsetjar.
Publisert

Poesi er fyrst og fremst kjensler, det veit alle som har lese dei kjenslevare orda til folkekjære diktarar. At dikting òg kan vera strid, er nok ukjent for dei fleste, sjølv om kappestriden (agon) var eit velkjent fenomen i gresk kultur – anten det no galdt idrett eller dikting.

Det er eit slikt perspektiv Hans Johan Sagrusten nyttar når han skal gjendikta fire engelske diktarar: William Shakespeare (1564­–1616), Dylan Thomas (1914–1953), R.S. Thomas (1913–2000) og George Mackay Brown (1921–1996). For det krev mykje å skulle bryne seg på Shakespeare, men gjendiktaren råkar godt i den velkjende andre sonetten. Opninga hjå Shakespeare høyrest slik ut: «When forty winters shall besiege thy brow/ And dig deep trenches in thy beauty’s field», og Sagrusten gjendiktar det heile såleis: «Når førti vintrar kringset panna di,/ grev djupe fòrer i din venleiks eng,/ når ungdomsdrakta alle ser deg i,/ blir stritt og lurvent ugras ingen treng». Både fyrste og andre verset minner om stormeisteren sjølv. Her kan vi òg sjå at Sagrusten har dekning for perspektivet sitt, for striden står her om problema med tida og aldringa sjølv.

Frå den store renessansediktaren hoppar vi rett til det tjuande hundreåret, og dei tre siste er alle moderne diktarar som på kvar sitt vis har prega nyare engelsk poesi. Dylan Thomas er òg vanskeleg, særleg av di han meislar ut så mange freidige og utfordrande bilete. I den tidlege diktinga var han svært oppteken av surrealismen, som ein tydeleg ser i «Den kraft som pressar blom or grøne lunter», men her er Sagrusten noko tyngre på labben. Diktet flyt mykje betre i versjonen til Harald Sverdrup, i den ypparlege samlinga Sankt Elms ild (1958). Men verkeleg gode er gjendiktingane hjå Sagrusten som vert attgjevne som «Og døden skal ikkje ha makta» og «Gå ikkje glad til ro når klokka slår».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement