Fleirstemt sorgarbeid

Kari, Ola og Lars ryddar ut av dødsbuet etter foreldra sine.

Når du går er ei varm, humoristisk og rørande bok om sorg, om å veksa opp i vakre Nord-Noreg, oppdaginga av musikken, og tilblivinga av nokon av vår tids aller mest folkekjære songar.
Når du går er ei varm, humoristisk og rørande bok om sorg, om å veksa opp i vakre Nord-Noreg, oppdaginga av musikken, og tilblivinga av nokon av vår tids aller mest folkekjære songar.
Publisert

Tittelen Når du går, med assosiasjonar til døden, er kanskje ikkje det ein helst ventar seg når dei tre eldste syskena Bremnes skriv bok saman. For allmenta er dei godt kjende som songarar, låtskrivarar og musikarar. Boka tar òg opp denne sida ved livet deira. Men her er mindre om karriere, enda om den òg får plass, enn om interessante innblikk i dikteprosessen og samarbeidet mellom dei tre, om både musikk og lyrikk. Og her er mange fine prov på den lyriske diktinga deira.

Først og fremst er boka likevel eit stykke sorgarbeid. Ho har eit konkret utgangspunkt: opprydding av buet etter foreldra, etter at også mora er død, nokre år etter faren. Dei fem syskena møtest i eit proppfullt lager i Harstad – for det er også to yngre søstrer, eit tvillingpar, som merkeleg nok berre kan skimtast i utkanten av tekstane. Dei kjem saman for å dele og finne ut kva som skal kastast av det foreldra har etterlate seg. Som Kari skriv i den første vesle teksten, «Fremmed rom»: «(...) dette er ikke bare et lager for døde ting. Det er minst like mye et sted for levende, motstridende følelser, like usorterte som eskene etter pappa.»

Ola, Kari og Lars har skrive om lag ein tredel kvar av dei om lag førti små tekstane, med titlar som «Husets hjerte», «Barndommens uskyld», «Bordet», «Portrett av en mor», «Kirkegården i Kvæfjord», «Desemberbarn», «Sola», «Når du går», «Om søsken», for å nemne nokre. Det er ikkje lett å sjå om, eller korleis, forfattarane skil seg frå kvarandre stilistisk eller tematisk. Alle er absolutt skriveføre, dei skriv lett og engasjerande, med humor og sjølvironi.

Tekstane tar ofte utgangspunkt i ein ting dei finn på lageret: en liten nisse, ei studentlue, ei grammofonplate, ein kommode. Ein song eller eit musikkstykke kan òg trigge minne. Kvar ein liten ting, kvart møbel, for ikkje å snakke om pianoet til mora, som nå er ustemt og ikkje så godt lenger, ber med seg stemningar frå tida som var. Mange som har rydda opp etter foreldre, vil lett kjenne seg att i desse muntre og nostalgiske skildringane.

Via denne oppryddinga følgjer lesaren dei tre syskena tilbake i tid, frå ein glad barndom i Svolvær på 1960-talet og frametter, til song og musikk særleg med mora, til små glimt av ungdomsår, musikk dei høyrde på saman, bøker dei las.

Sidan dette på ymse vis er ei minnebok om foreldra, er det naturleg at det også blir ei bok om «heimlandet barndom». Her er til dømes fine skildringar av Bremnes på Hinnøya, staden faren kom frå, der familien var om somrane. Her får generasjonane attom kome til orde, med forteljingar frå ei anna tid. Lesarane blir òg minte på kvinnearbeid i eldre tider («Dukene», «Om rya»). Boka er rikt illustrert, og ho er ikkje minst også ei hyllest til Nordland.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement