Bok
Flesk og smør i byte for danske jødar
Tyskarane trong kjøtleveransar. Var det det som redda dei danske jødane frå konsentrasjonsleirane?
Flesteparten av dei danske jødane klarte å flykte til Sverige.
Foto: Ukjend / Nationalmuseet i Danmark
I ei omfattande melding av boka På Førerens ordre – Hitlers mænd i Danmark 1933–1945 i avisa Berlingske Tidende set den danske historikaren Bent Blüdnikow spørsmålsteikn ved motivasjonen «dei gode tyskarane» eigentleg hadde for å redde jødane frå dei tyske leirane. Boka, som er redigert av John T. Lauridsen og Henrik Lundetofte og utgitt på Aarhus Universitetsforlag i juni, inneheld kortare og lengre biografiar over 64 sentralt plasserte tyskarar som under krigen deltok i administrasjonen av det okkuperte landet.
Sentralt står historia om korleis – og ikkje minst kvifor – det midt under krigen var mogleg å få smugla over 7000 jødar frå Danmark til Sverige, og det rett framfor auga på Gestapo og resten av den tyske okkupasjonsmakta.
Dei danske jødane flykta rett nok eit år etter at brorparten av dei norske jødane var deporterte til ein sikker død i Auschwitz. Men årsaka til at det gjekk an å redde dei danske jødane, var nok langt meir kompleks enn at sentrale tyskarar i København plutseleg var blitt «humanistar» som uroa seg for jødane sitt ve og vel.
Uvanleg naivt
Trass i at den planlagde aksjonen mot dei danske jødane hende eit heilt år etter at 772 norske jødar blei deporterte til Auschwitz, blir dei to hendingane ofte samanlikna. I Noreg er det fleire gonger dei siste åra, ikkje minst under debatten etter Marte Michelets bok Hva visste hjemmefronten?, blitt peika på dei store skilnadene: Kvifor var det ikkje mogleg å gjere like mykje for dei norske jødane som den danske motstandsrørsla gjorde for dei danske?
Forklaringa som kjem fram i boka, er ikkje ærerik.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.