Musikk

Folkemusikk frå ukjend stad

Improvisatorar spelar ein stramt strukturert kammermusikk med folkemusikkpreg.

Adrian Myhr flankert av Rasmus Kjorstad (t.v.) og Jan Martin Gismervik.
Adrian Myhr flankert av Rasmus Kjorstad (t.v.) og Jan Martin Gismervik.
Publisert

Kontrabassisten Adrian Myhr er kjend frå fleire konstellasjonar innan moderne jazz og folkemusikk, mellom anna Johan Lindvall trio, Kim Myhr og Harpreet Bansal. Når han presenterer den første plata under eige namn, er impulsane frå jazz og folkemusikk òg merkbare, men musikken er like mykje prega av minimalisme, og spelet er lågmælt og disiplinert. Det heile framstår som stramt strukturert kammermusikk, sjølv om einskilde parti verkar improviserte.

Av og til høyrer me enkle og fengande melodiar, av og til er det klangflater som dominerer, og rett som det er: små rytmiske figurar som vert repeterte og langsamt transformerte. Det er særleg Rasmus Kjorstads spel på fele og langeleik – med sine føreslag og ornament – som gjer at musikken av og til minner om folkemusikk. Men når jazzslagverkar Jan Martin Gismervik flyttar seg frå trommesettet og i staden spelar harmonium, vert dette inntrykket ytterlegare styrkt.

Sjølv om me veit at Kjorstad er ein veletablert utøvar av folkemusikk frå Gudbrandsdalen, og presseskrivet avslører at indisk og albansk musikk har vore inspirerande, er dette likevel ein musikk som står trygt på eigne bein, utan referansar til stilartar og geografiske plasseringar. Musikken er biletskapande og dreg tankane mot ukjende landskap.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement