Forandring frydar
Transformers-serien tar ny form ved å hoppe attende til åttitalet.
På ein planet langt borte får ei gruppe robotar heimen sin øydelagt. På jakt etter ny plass å bu sender dei roboten Bumblebee til jorda. Her krasjlandar maskina bokstaveleg talt i møte med verkelegheita – og forandrar seg til ei gul Volkswagen boble. Året er 1987, og staden er Brighton Falls i California. Charlie (Steinfeld), ei ulykkeleg og einsam tenåringsjente med forkjærleik for følsam gitarpop (The Smiths) og bilmekking, finn den gule bobla på ein skrothaug. Uvitande om kva ho tar med seg heim, blir jenta snart kasta ut i eit intergalaktisk spel der jordas framtid står på spel.
Bumblebee er sjette film i Transformers-serien – eit univers der robotar forandrar seg til bilar eller fly, alt etter kva situasjonen krev av dei. Viss du som meg har kunnskapsløyse om dei føregåande filmane, frykt ikkje. Bumblebee er eit fint lite sidespor som lener seg på nostalgiske og tidsriktige referansar til åttiåra. Som ein Spielberg eller John Hughes-film i forkledning lukkast filmen med å fokusere på ei klassisk oppveksthistorie framfor gjentakande action. Relasjonen mellom Charlie og Bumblebee har klare parallellar til E.T. Lydsporet og tenåringstematikken nikkar til The Breakfast Club.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.