Film
Forboden kjærleik i Kenya
Noko er rote i Kenya, viser Rafiki, utan å dvele sterkt nok ved den lesbiske tematikken.
Filmen om eit lesbisk par er no forboden i Kenya.
Foto frå filmen
To jenter forelskar seg i kvarandre i den første filmen frå Kenya med internasjonalt styrke. Ikkje berre er det ei historie om forboden kjærleik – no er filmen òg forboden i Kenya. Frå eit vestleg perspektiv er det ingenting nytt med historia: Det er ein klassisk Romeo og Julie-tematikk om to personar som ikkje kan få kvarandre. Men Rafiki – ordet tyder «ven» på swahili – er sprita opp med fargesprakande foto, popmusikk og rask klipping. Det siste er eit gjentakande problem utover i handlinga: Regissør Wanuri Kahiu dveler ikkje lenge nok i enkelte scener og hoppar for raskt inn i neste bilete. I ei forteljing som er avhengig av «emosjonell katarsis», blir filmspråket for fengande og lett. Dermed får filmen aldri det klimakset han kunne fått på eit emosjonelt plan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.