Musikk
Forløysande øyremassasje
Det er deilig å høyre norsk støy – i Polen.
Lasse Marhaug på Unsound Festival 30. september 2024.
Foto: Grzegorz Jasina / @jasinyy (IG)
Kjære lesar, eg skriv til deg frå ei anna verd, frå Krakow, frå Unsound, ein festival for nyskapande og radikal musikk som går av stabelen denne veka. Tema i år er Noise: Av og til «kan musikk bli til støy – og omvendt».
Då er det rett og rimeleg at vår norske stjerne, Lasse Marhaug, står høgt på plakaten. Måndag stod støymusikklegenda både bak og oppå bordet på scena på Teatr Łaźnia Nowa, medan eg stod nede på golvet blant eit gedigent og entusiastisk publikum.
Mitt første møte med støymusikk fann stad på Molde International Jazz Festival (no kjent som Moldejazz) i 2001. Då var det den japanske støylegenda Merzbow som sat oppå podiet midt i Kulturhuset, side om side med den legendariske støyduoen Jazzkammer (no: Jazkamer), samansett av John Hegre og Lasse Marhaug.
Konserten var ein dundrande suksess – det blei sagt at lydtrykket stundom tilsvarte bølgjene like under ein flymotor; det rista iallfall godt i kraniet: skallebank av høgste kvalitet. Konsertopptaket blei utgitt på Smalltown Supersound – musikken er framifrå på lågt volum òg.
Konserten i 2001 har blitt ståande i min skalle som den beste støyopplevinga eg har hatt til den dag i dag – rettare sagt til i går. No har ikkje underteikna kritikar særleg mange nasjonalistiske bein i kroppen, men den kranieristande lydmassasjen som gjekk føre seg i Krakow med Marhaug og hans palpering av effektboksar, platespelar og fuglane-veit-kva-for-objekt-han-stappa-inn-i-kjeften-og-innunder-den-snurrande-voksen-for-så-å-stampe-og-trampe-på-det-heile, var ein øyrereins meir effektiv enn bomullspinnar av høgste kvalitet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.