Litteratur

Fotball, forfall og håp

Bakteppet når Rune Slagstads idéhistorie om sporten har kome i oppdatert versjon, er at fotballkorrupsjonen berre har blitt verre. Men finst det håp?

Rune Slagstad er aktuell med boka Den meningsløse sporten (2023), som er ein revidert versjon av delar av boka Sporten frå 2008.
Rune Slagstad er aktuell med boka Den meningsløse sporten (2023), som er ein revidert versjon av delar av boka Sporten frå 2008.
Publisert Sist oppdatert

Boka Den meningsløse sporten (2023) er ein revidert versjon av delar av Rune Slagstads bok Sporten frå 2008. Eg las det nye avsluttingskapittelet «Den korrupte fotballen som øyeblikksreligion» med interesse i lys av all sportsvaskinga som går føre seg, og at heimebana til Erling Braut Haaland heiter Etihad Stadium og bana til Martin Ødegaard ikkje lenger er Highbury, men Emirates. Kvar er sporten og fotballen på veg?

La meg først samanfatte nokre av hovudpoenga i boka til Slagstad. Slagstad viser korleis sporten fylte eit tomrom i samfunnet da dei store forteljingane svann inn. Ut med Gud og kommunismen, inn med kroppsdyrking, massekultur og å nyte stunda. Som Slagstad elegant formulerer det, sporten var ikkje ein erstatningsreligion, men sporten vart religionserstatning. Sporten kom til å bli «øyeblikkets kult».

Det er ein god ting at Slagstad identifiserer kva som er kjernen i all sport. Kvart utforrenn, kvar spydkastkonkurranse eller fotballkamp er målbar kroppsleg tevling, avgrensa i tid og rom. Konkurranse med kroppsutfalding skaper i sport konsentrert spenning for tilskodaren. Det er som på ein teaterscene – men utan manus og der det alltid er open slutt. Sport er augneblinksdrama som ikkje har meining utanfor seg sjølv.

Det sosiale i fotballen

I det nye avsluttingskapittelet «Den korrupte fotballen som øyeblikksreligion» peiker Slagstad med rette på at sjølv om sportskapitalismen er eit samansurium av sportsvasking, korrupsjon og hysteriske spelarlønningar, benkar vi oss like fullt føre skjermen. Slagstad slår fast at den korrupte fotballen framleis har massiv appell, også i dei demokratisk opplyste landa. I ei fortetta formulering skriv han: «Fotballkulturen har antatt estetisk-religiøse dimensjoner som trumfer – eller blender for – de politisk-økonomiske dimensjoner.»

Slagstad har med nokre referansar til tilknyting og tilhøyrsle når han, som rett er, slår fast at også sosiale aspekt høyrer med. Men dei forsvinn raskt – for raskt, vil eg påstå – frå synsranda hans, dei som fortvilar når familieselskap kolliderer med kampen, kaffikokarane til fjerdedivisjonslaget, dei som støttar opp om barnefotballen og gjer fotball og idrett til vår største folkerørsle.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement