Teater
Frå det svale til det intense
Scener fra et ekteskap er velspelt og avslørande om samlivsfasade og -brot.
Jonatan Filip og Susann Bugge Kambestad i rollene som Johan og Marianne.
Foto: Den Nationale Scene
Ingmar Bergmans boring i ekteskapets mange skjulte rom, som han visste meir om enn dei fleste, har på knapt femti år rokke å bli ein klassikar. TV-serien med Erland Josephson og Liv Ullmann er ikonisk. At Den Nationale Scene hentar fram dette stykket, etter først å ha sett opp Linn Ullmanns utlevering av foreldra, gir meining. Og resultatet av satsinga held absolutt mål.
Berre den underlege scenografien får meg til å lure: Bur eit veletablert ektepar, ho advokat (35) og han amanuensis (42), i eit så stussleg møblert husvære? Og for å ta det andre minuset med det same: Tidvis er dialogen så «litterær» at dei ofte kloke og velformulerte setningane som kjem ut av munnen på dei to, lyder som føredrag. Her har ikkje regissør og skodespelarar gjort eit godt nok arbeid.
Mikael Bergs regi byggjer på den teaterversjonen Bergman sjølv sette opp i München i 1981. Og om vi ser bort frå nokre (unødvendige) moderniseringar, verkar det Den Nationale Scene byr oss, velkjent. Dei seks skarpt stilte dialogane illustrerer ulike fasar i eit ekteskap, frå det svale til det intense og råe. Tilsynelatande er ekteskapet «perfekt», men dette syner seg å vere fasade. Utruskap og brot får fram dei mørke sidene av eit samliv, der den eine parten, Mariann, har innretta seg etter den temmeleg sjølvsentrerte ektemannen. Den nødvendige utluftinga blir brutal, men endar om lag slik vi veit at samlivet mellom Bergman og Ullmann i si tid gjorde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.