Bok

Frå såpeopera til stor forteljing

Mímir Kristjánsson syner korleis Jon Michelet går frå å vera ein mediekjendis på venstresida til det forfattaren meiner er ein folkets helt.

Jon Michelet (1944–2018) fekk fleire prisar for bøkene om krigsseglarane.
Jon Michelet (1944–2018) fekk fleire prisar for bøkene om krigsseglarane.Jon Michelet (1944–2018) fekk fleire prisar for bøkene om krigsseglarane.
Publisert

Sakprosa

Denne meldaren har den føremonen at han for det meste har vore så borgarleg reaksjonær at han i liten grad har følgt med i livet til Jon Michelet, ein som høyrde heime i ei lita politisk sekt med lite makt. Likeins har eg vore så mykje av ein litterær snobb at eg ikkje har lese noko av det Michelet har skrive. Men det gjer at når det no er komen ein biografi om mannen, har eg uskuldig friske auge.

Mímir Kristjánsson (heretter på islandsk vis berre Mímir), forfattaren av biografien, har det derimot vore umogeleg å sleppe unna eller ikkje lesa: journalist, forfattar (eg har meldt to bøker av han, ei med slakt og ei med ros), TV-kjendis (Farmen), og no til og med valt inn på Stortinget. Sjølv seier han: «I det meste her i livet har jeg prøvd å etterligne Jon Michelet. Hvorvidt det har lyktes, det får andre bedømme.» Så kan ein undra om han har tilstrekkeleg avstand til den han skriv om.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement