Bok

Fragmentarisk og flyktig poesi

Paris av Hope Mirrlees er eit tapt og gjenoppdaga modernistisk verk.

Hope Mirrlees (1887–1978).
Hope Mirrlees (1887–1978).
Publisert

Langdiktet Paris av Hope Mirrlees (1887–1978) blei første gong utgjeve på Virginia og Leonard Woolfs forlag Hogarth Press i 1920. Boka blei ikkje meld eller lesen i særleg grad og forsvann i gløymsla. Rett nok blei diktet gjenutgjeve på 1970-talet i ein akademisk samanheng, men blei først gjenoppdaga i 2007 og kalla for «modermismens tapte meisterverk».

I det opplysande etterordet fortel gjendiktaren Karin Nygård at Mirrlees sjølv seinare avviste verket fordi ho blei katolikk og syntest diktet hadde blasfemiske trekk. Litt kuriøst er det at Hope Mirrlees er forfattaren bak fantasyromanen Lud-in-the-mist frå 1926, som er ein kultklassikar.

Diktet tek oss med på ei reise i Paris gjennom eit døger. Me stig ned i metroen, reiser under Seinen og i retning Montmartre, der me stig opp att. Diktet, som ikkje strekkjer seg over meir enn 21 sider, er likevel tettpakka med all slags referansar. Her er inga logisk grunngjeven framdrift. På vegen gjennom hovudstaden flimrar ulike bilete, reklameslagord, ord og frasar forbi lesaren om lag slik sanseinntrykk presenterer seg for ein: fragmentarisk, flyktig, kaotisk og kaleidoskopisk. Typografisk er diktet også variert, der det vekslar mellom versalar, kursiveringar og ord som står loddrett på sida. Tidvis forvirrande, men reisa og byen gir likevel ein fast grunnstruktur til diktet.

Diktet representerer ei nedstigning til historia, med stadnamn, statuar, museum og måleri som blussar opp og minner om farne tider. Reisa er dagsett til våren 1919, altså rett etter første verdskrig og før freden er sikra. Streikar herjar, og det kommunistiske spøkelset kviler over byen. Det er generalstreik 1. mai og umogleg å oppdrive liljekonvall som elles alltid blir seld der 1. mai.

Diktet har nok nokre tidstypiske trekk, der både dadarørsla og futuristiske innslag kan sporast i den litterære teknikken, sjølv om Mirrlees kanskje ikkje er like djerv som Filipo Tommasi Marinetti. Men Hope Mirrlees er ikkje oppteken av å tilbakevise fortida og den gamle kunsten, snarare syner ho at fortida er tilgjengeleg og til stades. Slik inviterer diktet lesaren til å sjå og sanse tidas fysikk i poesiens kaleidoskop.

Gjendiktaren Karin Nygård har tatt nokre val. Diktet er skrive på engelsk og inneheld ei rad franskklingane ord og frasar som er bevarte i Karin Nygårds norske gjendikting. Slik blir skriftbiletet bevart slik det står fram for ein engelskspråkleg lesar. Dei franske frasane er forklarte i eit tillegg mot slutten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement