Kunst
Framifrå russisk kunst
Gå ikkje glipp av utstillinga med russisk kunst før Lenin og Stalins sosialrealisme på Munchmuseet.
Mikael Vrubel: «Svaneprinsessa», 1900, olje på lerret, 142,5 x 93,5 cm.
Alle foto: Tretyakov-galleriet
Både Nasjonalmuseet og Munchmuseet skal flytta inn i nytt hus til neste år. Men medan det første museet i mellomtida er stengt, er det siste vedvarande aktivt, no med det som alt kan verta ståande som den flottaste utstillinga i 2019. Vi må tru det kjem av at Munchmuseet har eit særleg verdfullt bytemiddel, nemleg Munch-bilete, som andre museum gjerne vil låna til utstilling, mot at dei lèt Munchmuseet få låna bileta deira.
Denne gongen er det Tretjakov-galleriet i Moskva som er hovudlånepartnar, eit museum som neppe er så kjent i Noreg som Eremitasjen i St. Petersburg, men som med sine 140.000 verk kan samanliknast med denne når det gjeld samling av russisk kunst.
Museet vart grunnlagt av industrimagnaten og kunstsamlaren Pavel Tretjakov som i 1892 gav samlinga si til staten. Ho har heldigvis overlevd revolusjon og krig, og no kan vi i Noreg få ein forsmak på det vi kan oppleva om vi dreg til Moskva. Men det er òg lånt inn nokre bilete frå Göteborg og Bergen.
Mange verk
Utstillinga er stor, med nesten 140 verk, mange av dei i stort format, som vert stilte ut på det viset som er moten i dag: i relativt mørke store salar, men med effektiv punktbelysning av bileta. Det vi får sjå, er kunst frå det russarane kallar sølvalderen sin, nemleg frå perioden 1880 til 1910, for det meste målarstykke, men òg møblar og porselen.
I Noreg kallar vi same periode gullalderen, då nasjonalromantisk ateliermåleri vart erstatta av naturalistisk og nyromantisk utandørsmåleri. Dette er eit poeng som Kari Brandtzæg, som har laga utstillinga, legg vekt på: at det var parallelle førmodernistiske stiltendensar i dei nordiske landa og i Russland på denne tida, med unntak av Danmark, som var meir kontinentalt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.