Bok

Framifrå sunge

Lindstrøm sviktar visst aldri i si litterære overtyding.

Romanane til Merethe Lindstrøm har blitt godt mottekne både i utlandet og her i landet.
Romanane til Merethe Lindstrøm har blitt godt mottekne både i utlandet og her i landet.
Publisert

Vi er på syttitalet, i tida for seipanettar, stensilar, skulefjernsyn og eting av gelépulver rett frå eska. Tida då radioen fortalde ubudde personar på veg i ei raud folkevogn med registreringsnummer slik og slik: «Din far er død». Tida der det ikkje var så nøye kvar skulelegen hadde hendene sine i undersøkinga av små jenter. I alle fall ikkje for dei vaksne.

I Merethe Lindstrøms roman Når vi synger er det mange vaksne som har nok med seg sjølve. Tvillingane Agnes og Kasper lever på mange måtar sitt eige liv, der dei nok kan oppføre seg, men òg kan bråke i timane på skulen, mobbe medelevar, plage ein hund, tvangspare ein kanin og tvinge ein fetter ut på den utrygge isen for så å kaste snøballar på han. Alt mens mor krakelerer etter å ha mista eit spedbarn, og far viser stadig meir ubereknelege og uansvarlege sider. Agnes og Kaspers ven «Skauegutten» kjem frå ein ressurssvak heim, og revebonden i nærleiken er nok både dyre- og koneplagar.

Ubehageleg lesing

Det er riktig ubehageleg lesing, og det er få lyspunkt. Lyspunktet ligg i korleis Merethe Lindstrøm skriv fram historia. Romanen er utsøkt skriven, av denne tidlegare vinnaren av Nordisk råds litteraturpris, med eit verknadsfullt forteljarperspektiv: Vi opplever alt gjennom Agnes, som skriv frå eit «vi». «Vi» er ho og broren Kasper.

Frå opninga: «Vi vet at når isbreene beveger seg, graver de vekk alt rundt. Vi vet om fuglene som trekker sørover for å komme unna vinteren, og at selv om de kommer til­bake om våren, både gjøk og sisik, trost og stær, kan ingen synge alle dager.» Denne leksikalske kunnskapen har dei frå far, og han står side om side med korleis dei tar inn det som skjer i livet deira. Det skapar ein effektfull kontrast mellom ulike typar kunnskap og danning, mellom uuthaldeleg nærleik og naudsynt avstand.

Sidan Agnes «snakkar til oss» frå ho er ganske lita til ho kjem i puberteten, slik eg tolkar det, held forteljarstemma eit slags barnleg språk. Det gjeld òg observasjonane, som her om mor: «Hun spiser alltid sakte, som om hver bit overrasker henne, og som om hun vil si å, vent, dette var godt, og så med neste bit, det var godt dette også.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement