Bok

«Framstillinga er så plausibel at ein fort gløymer at dette (kanskje) er fiksjon.»

Gina Cornelia Pedersen er aktuell med romanen Jeg skal hente deg (Cappelen Damm).
Gina Cornelia Pedersen er aktuell med romanen Jeg skal hente deg (Cappelen Damm).
Publisert Sist oppdatert

Kvervlar i medvitsstraumen

Gine Cornelia Pedersen skriv hektisk og medrivande om sterke kjensler.

Verda gjekk ikkje under i 2012, men du skal berre sjå at det var nære på. I den intense romanen Jeg skal hente deg av Gine Cornelia Pedersen (vinnar av Tarjei Vesaas’ debutantpris med romanen Null i 2013) er undergangen just det året eit absolutt trugsmål, ikkje kollektivt for verda, men for hovudpersonen, som interessant nok heiter Gine, noko som anten tyder på at hendingane i boka er ein del av biografien til forfattaren, eller at ho er ein luring som har funne ein smart måte å gjera forteljinga autentisk på. Men sjølv utan dette grepet hadde eg trudd på boka, for framstillinga er så plausibel at ein fort gløymer at dette (kanskje) er fiksjon.

Kvernande tankar

Gine har reist på ein tur til Los Angeles for å møta ei venninne og kanskje slumpa til å sjå ein kjendis eller to, oppteken som ho alltid har vore av skapande folk, og særleg dei vidgjetne mellom desse. Heime i Oslo er kjærasten Harald, ein mangslungen fyr, ein slags norsk mestis eller blanding av Moss og Sunnmøre, presteson, småkjeltring, ofte rusa og med mørke minne om ei nærgåande barnevakt. Når det ser ut som om Harald ringjer henne, er det ein annan, Rikard, som har nytta telefonen hans for å fortelja at Harald har fordufta.

Det meste av boka vidare handlar om, eller rett og slett er, dei kvernande tankane til Gine på den lange reisa heim for å leita etter den bortkomne kjærasten. Og som dei kan kverna, dei tankane! Her er lange periodar som svingar hit og dit med komma som hyppige rundingsbøyer i ein regatta i stiv kuling, eller nesten endelause slalåmferder over stokk og stein, men utan hekt i portane, der minne om det intense samlivet med Harald skifter med observasjonar av det samtidige, saumlaust og virtuost turnert av ein forfattar som veit kva ho gjer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement