Bok
Frank Rossavik har skrive ei rørande bok om korleis eit høyrselstap kan påverka kven du blir.
Frank Rossavik er sakprosaforfattar og kommentator i Aftenposten. Like før han fylte fire år, forsvann nesten all høyrsel.
Foto: Leikny Havik
Frank Rossavik er kjend som forfattar, kommentator og journalist frå aviser som Bergens Tidende, Morgenbladet og Aftenposten. No har han skrive boka Hæ? Et liv som tunghørt om å veksa opp med ei alvorleg høyrselshemming. Berre fire år gammal leid Rossavik eit alvorleg og uforklarleg høyrselstap. Foreldra vurderte om han burde byrja på ein «anstalt» for døvstumme, men valde til slutt å senda han på vanleg offentleg skule i staden. Det vart starten på eit liv der han heile tida måtte måla seg mot alle som hadde god høyrsel.
I boka stiller Rossavik spørsmål ved kva høyrselstapet kan ha betydd for den han er i dag, og korleis samfunnet omkring har handtert det. Boka er personleg, uhøgtideleg og ærleg. Gjennom historia om livet sitt reiser Rossavik eit tema av stor offentleg interesse, nemleg om diskrimineringa og stigmatiseringa av høyrselshemma. Rossavik fortel detaljert om oppveksten, om mobbinga han vart utsett for, og om utfordringar han har hatt i jobb og privatliv. Å delta i samfunnet på lik linje med andre omtaler han som «ekstremsport».
Høyreapparat
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.