Freistnader på å rykke seg laus
Det finst nokre svært vonde punkt i desse dikta – om enn pakka inn i den slentrande stilen til Nils-Øivind Haagensen.
Nils-Øivind Haagensen har skrive ei rekkkje bøker i fleire sjangrar sidan debuten i 1988.
Foto: Baard Henriksen
Dikta tek oss attende til året 1994, til Bergen og til universitetsfaget litteraturvitskap. Faget er i vekst og populært på den tida. Eg-personen søker seg til studiet som 23-åring. Dikta krinsar rundt oppbrot, litteratur, lengt, fellesskap, kjærleik og konfliktfylt barndom.
Somme av dikta grip ei frigjerande kjensle av at verda og sjansane ligg opne for eg-personen. Gjennom universitetsstudiet freistar eg-personen å rykke seg laus, strekke seg mot andre horisontar for å bli ein annan.
Forandring
Forandring er eit slags mantra og ein gjennomgangsmelodi i boka. Faktum er at dikta i like stor grad som dei fangar inn det nye livet i Bergen, stansar ut biletet av alt det eg-personen vil flykte frå og sleppe unna, nemleg barndomen, den vesle guten og familiesituasjonen.
Lesaren blir presentert for eit dobbelt tilbakeblikk. Dikta ser attende på 1994 og 23-åringen – og 23-åringen frå 1994 skodar attende på barndomen sin. Kor reint og ufarga 23-åringens blikk er, er umogleg å avgjere. Men ved at dikta fikserer året 1994, blir det i alle fall understreka at året er skilsetjande, nesten uavhengig av korleis året verkeleg var og blei opplevd. Dette er altså ikkje eit problem ved boka, det er rett og slett berre slik litteraturen fungerer.
Retorikken og litteraturvitskapen spelar forresten inga stor rolle i dikta, men eitt og anna teoretikarnamn eller forfattarnamn blir nemnt. Retoriske termar figurerer som titlar på dikta, utan at dei med naudsyn prøver å demonstrere omgrepa i praksis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.