Bok

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.
Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.
Publisert Sist oppdatert

«Hermeneutikk er læren om fortolkning av tekster […] eller en filosofisk teori om all forståelse», står det i Store norske leksikon. Dette høyrest ut som eit rimeleg stort område, og det er det – så stort at ein kan skrive ein roman om det, som debutanten Gina Tandberg har gjort.

Sjølv lærte eg i studietida at hermeneutikken handla om å sjå delane i heilskapen og heilskapen i delane. «Alt heng saman med alt», kunne ein vere freista til å seie.

Kunnskap og kjærleik

Dei 78 korte kapitla blir innleia med «Kjærlighet som…». Det kan vere «Kjærlighet som advarsel», «Kjærlighet som motbakkeløp» eller «Kjærlighet som raritetskabinett». Lesaren skjønar at det nok skal handle like mykje om kjærleik som om hermeneutikk. Og det gjer det.

Hovudpersonen, som til liks med forfattaren har eit namn på G og bur og arbeider som førelesar i Berlin, fortel om tidlegare forhold og om sitt aktive one night stand-liv på byen. Det verkar livleg å bu i Berlin.

Men mest av alt byd forteljaren på kunnskap om hermeneutikken. Somme tider er det som å vere på førelesing: «Det [eit teikn] har et uttrykk (signifikant) og et innhold (signifikat) som kan stå i ulikt forhold til hverandre. Man differensierer gjerne ut fra hvordan de forholder seg til det de representerer (referent).» Andre gongar er kunnskapen om teikn og tolking voven inn i kjærleikslivet, som når hovudpersonen heile tida ser etter teikn i ei gryande forelsking.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement