Friskt og fabulerande

Attom humoren og snerten i verka, anar vi eit stort alvor.

«Katt i mørke», 1974, ståltråd måla i messingfarge.
«Katt i mørke», 1974, ståltråd måla i messingfarge.
Publisert

Eikaasgalleriet ligg vakkert til ved vasskanten av Jølstravatnet ein halvtimes køyretur nord for Førde. Her er endåtil park og ein freistande badeplass. Og i år har dei smelt til med stor jubileumsutstilling og utstillingskatalog. Det var likevel rett før eg gjekk glipp av alt saman, sjølv om eg hadde planlagt å køyre dette strekket i sommar. For det var eit frykteleg strev å finne ut om galleriet var ope i desse koronatider. Om eg skulle teke til tols med informasjonen på den stusselege heimesida, ville eg køyrt rett forbi i trua på at det var stengt.

Eikaasgalleriet er slett ikkje åleine om å ha mangelfulle nettsider, dette gjeld overraskande mange visningsstader som nettopp er retta mot eit breitt, allment publikum, noko som er eit stort tankekors no som det har blitt så lettvint å legge inn og endre informasjon på digitale plattformer. I tillegg burde det vore sett opp meir informative plakatar ved galleriet, for dette er ei perle vel verd å få med seg.

100 år og 100 verk

I samband med at det er 100 år sidan Ludvig Eikaas (1920–2010) vart fødd, er det laga ei stormønstring med 100 arbeid, like mange verk som galleriet åtte då det opna i 1994. I samband med ei kunstgåve frå Eikaas til kommunen vart eit nedlagt meieri bygd om til galleri over kunstnaren. Sidan har samlinga auka til om lag 850 verk.

Jubileumsutstillinga Jøls­ters Eventyrlege Gigant – 100 år med Ludvig Eikaas viser i hovudsak arbeid frå eiga samling, fordelt på teknikkane grafikk, måleri, skulptur og installasjon. Her får vi god oversikt over eit langt og variert kunstnarskap. Dei mange små salane i galleriet er supplerte med lettveggar og er overraskande rommelege. Likevel, hundre arbeid vert nokre for mange, fleire stader heng verka for tett. Utvalet består også av svake verk som dreg ned heilskaps­inntrykket. Sjølv om konseptet for mønstringa er godt, og det er alltid interessant å sjå eit breitt utval, ville det vore betre å tilpasse konseptet til storleiken på utstillingssalane.

Men ei så kompakt montering vert opphengsmetoden skjemmande. For å spare veggane heng arbeida i ståltrådar festa i ei skinne øvst på veggen. Strengane vert svært synlege og får bilda til å lute skrått ut frå veggen. Det er sjølvsagt utfordrande for eit lite galleri å få tilsette å montere på anna vis, men som konsolidert eining bør ein kunne forvente at det vert sett av ressursar til profesjonell montering.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement