Musikk

Froskekonsert

Isabelle Faust fekk fram Telemanns musikalske humor.

Isabelle Faust som solist med Akademie für Alte Musik Berlin i Håkonshallen.
Isabelle Faust som solist med Akademie für Alte Musik Berlin i Håkonshallen.
Publisert

Georg Philipp Telemann var ikkje berre ein av dei mest produktive komponistane i musikksoga. Han er òg den mest allsidige eg veit om. Førre sundag fekk barokkorkesteret Akademie für Alte Musik Berlin fram breidda i instrumentalmusikken hans, med alt frå elegant dansemusikk, akademiske sonatar og staselege trompetfanfarar til ein fiolinkonsert med lydar frå dyreriket.

Når det galt solisten Isabelle Fausts prestasjon, kunne ikkje kontrasten til Fabio Biondis konsert på Troldhaugen to dagar føreåt vore større: Med suveren teknikk og intonasjon rådde ho fullt og heilt over barokkfiolinen. Eit slikt mangfald i klangnyansar har eg sjeldan høyrt make til på dette instrumentet. I tillegg var affektane ho uttrykte, altså dei ulike kjenslene i satsane, alltid klåre og tydelege. Kort sagt: Det publikum i den fullsette Håkonshallen opplevde denne kvelden, var fiolinspel på sitt aller beste.

Suite og sonate

Programmet byrja i fransk stil, med Orkestersuite i h-moll, TWV 55:h4, som opnar med ein prektig ouverture, fylgd av seks karakteristiske dansesatsar. Denne musikkforma, som eigentleg er ein slags opera eller ballett utan songarar og dansarar, var mellom dei mest populære i Tyskland kring 1700. Det er utruleg å tenkja på: Telemann komponerte hundrevis av slike suitar, i periodar to per veke.

I Triosonate nr. 3 i h-moll, TWV 42:h3, fekk orkesteret kvila. Stykket er frå samlinga Sonates Corellisantes (1735), som kan omsetjast til «Corelliserande sonatar». Her etterliknar Telemann nemleg komposisjonsstilen til Arcangelo Corelli, ein av barokkmusikkens founding fathers. Sonaten skilde seg ut, både av di han er relativt akademisk, og sidan besetninga med berre to fiolinar og basso continuo var klangleg svak. I dette orkesterprega konsertprogrammet gav han difor eit litt bleikt inntrykk.

Kvintett og konsert

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement