Musikk

Gabriels metode

Peter Gabriel går på scenen Bergen i kveld med eit knippe nye songar på repertoaret.

Peter Gabriel har med seg Manu Katché på trommer, Tony Levin på bass og David Rhodes på gitar på turneen.
Peter Gabriel har med seg Manu Katché på trommer, Tony Levin på bass og David Rhodes på gitar på turneen.
Publisert

Når 73-åringen Peter Gabriel går på scenen i Bergen i kveld – den einaste konserten i Noreg på årets turné – er det ikkje berre ein lang nostalgiparade frå ein rik karriere publikum kan vente seg. Halvparten av dei vel 20 songane han spelar, er nemleg nye av året, og av desse igjen er ikkje halvparten utgitt enno. Repertoaret er dermed i seg sjølv ei markering – frå ein artist som kunne gjort det lett for seg sjølv, og slege seg til ro med ei langt meir tilbakeskodande haldning til møtet med nye og (særleg) gamle lyttarar. Tøft!

Finst det andre artistar som tenkjer så gjennomgåande konseptuelt på alt dei føretek seg? Ikkje berre i tilnærminga til den overordna tematikken og estetikken i den musikalske produksjonen, men også i distribusjonsmåtane, er det ein slags konsekvens i den gabrielske metoden. Så langt i år har han sleppt fem nye songar, kvar gong det er fullmåne, noko som tyder at vi kan vente oss ein ny låt i morgon. Før året er omme skal albumet i/o vere ein realitet, den første plata med nytt materiale sidan Up (2002).

Gjennomtenkt

Konturane på det nye albumet tek dermed form, og dei nye songane må seiast å vere «typisk Gabriel», noko som vel neppe overraskar trufaste lyttarar, for låtskrivaren hadde faktisk mengder med musikk som aldri fekk plass på Up for vel tjue år sidan. Heile prosessen ber altså preg av at vi har å gjere med ein artist som tek seg tid og dessutan har ei perfeksjonistisk og gjennomtenkt haldning til det å gi ut musikk.

Dermed vart eg ikkje overraska då det viste seg at eg alt hadde høyrt «Playing For Time», den finaste av dei fem låtane han har kome med i år, før. Gabriel framførte nemleg songen då eg var på konsert i London for ti år sidan. Då hadde han enno ikkje ein tekst på plass, orda berre likna ord i framføringa – også eit dristig val. Likevel var det tydeleg at det dreidde seg om ein klassisk Gabriel-ballade av typen «Father, Son» (2000) eller «Washing of the Water» (1992). Sidan 2013 har songen funne sin identitet, og «Playing For Time» har erstatta det «nonsensiske» med krystallisert livsvisdom.

Den første singelen, «Panopticom», som kom på nyåret, er i mine øyre den svakaste av dei nye songane, og han verkar noko tyngd av bodskapen, synest eg – somme gonger er det som om Gabriel vert for fiks, og resultatet vert litt baktungt, til same tid overtydeleg og snirklete. Tja, tenkte eg. Men så har det gått slag i slag etter dette, med den eine oppturen etter den andre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement