Bok

Genteknologi til kva bruk?

Teknologi som endrar gen, er komen for å bli. Men treng vi han i matproduksjonen?

Å utvikle søvnframkallande tomatar ved hjelp av genmodifisering er kanskje ikkje å forbetre evolusjonen, skriv Siri Helle.
Å utvikle søvnframkallande tomatar ved hjelp av genmodifisering er kanskje ikkje å forbetre evolusjonen, skriv Siri Helle.
Publisert

Genteknologi kan forandre livet vårt. Det kan forandre naturen vår, maten vår, helsevesenet vårt og – med det – kroppen vår. Og nett no sit styresmaktene våre og skriv ny lovgjeving som truleg vil sleppe denne blant fagfolk omstridde teknologien monaleg meir laus. Så kvifor snakkar vi så lite om det?

Kari Gåsvatn tilbyr ein overkommeleg og interessant inngang til temaet i den nye boka Matmakt over genene. Genmodifisering og mat: den viktige debatten. Den fyrste oppvakninga får eg allereie på side 13. Her slår Gåsvatn fast kvifor det er legitimt å argumentere mot genmodifiserte organismar (GMO) i matproduksjonen utan samtidig å måtte vere imot bruk av GMO i humanmedisin: I humanmedisin «handler det om å hjelpe enkeltmennesker (…). Det er noe helt annet enn å endre friske planter og dyr på en måte som skal arves i neste generasjon».

Diverre, kan eg seie, stoppar det i stor grad her. Forfattaren går ikkje særleg djupt inn i kva genteknologi er. Bortsett frå å vise nokre grunnleggande forskjellar på det som av næringa sjølv vert kalla «gamal» og «ny» genteknologi (der skilnaden er at «gamal» teknologi er basert på introduksjon av framande gen, medan «ny» teknologi, som gjerne vert kalla crispr eller gensaks, i større grad klipper og limer i interne gen), brukar ikkje Gåsvatn særleg mykje plass på å forklare teknologien.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement