Musikk

Gigantomani i Grieghallen

Symfoni nr. 8 er Mahler på sitt mest monumentale.
Symfoni nr. 8 er Mahler på sitt mest monumentale.

Festspillene enda monumentalt, med Gustav Mahlers (1860–1911) Symfoni nr. 8 i Ess-dur i Grieghallen, eit av historias største verk når det gjeld besetning. Scena i Bergens storstove var òg fullstappa, med sju kor, åtte vokalsolistar og eit kraftig utvida symfoniorkester. Volumet kjentest på kroppen, for sjølv om lydbiletet framstod differensiert nok, var det ei skakande urkraft i klangen.

Komposisjonen (urframført 1910) er underleg, og eg må vedgå at eg slit med å ta han inn over meg. Kan me her i det heile teke tala om ein symfoni? Det er jo like mykje kantate og oratorium. Tekstgrunnlaget er òg merkeleg, med den latinske pinsehymnen «Veni creator spiritus» i fyrste del, og sluttscena i Goethes Faust i andre. Med sitt seinromantisk eksalterte uttrykk er det som om Mahler held domedag over musikkhistoria.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement