Musikk
Gitarspel på kjenslene
Strengeinstrument set tonen i The Last of Us, og i spelet kan ein spele på virtuelle strengar.
Argentinske Gustavo Santaolalla står bak musikken i The Last of Us, både TV-serien frå i fjor og spelet frå 2013 som serien er basert på. Utgangspunktet for neste sesong er naturlegvis spelet The Last of Us Part II frå 2020, som nyleg kom ut i ny utgåve.
Santaolallas hovudinstrument er ronroco, ein variant av det luttliknande instrumentet charango som urfolket i Andes utvikla etter at kolonistane kom med strengeinstrumenta sine. Dei fengjande vandremotiva i The Last of Us-lydsporet er framførte med ofseleg varleik på roncoco og andre strengeinstrument.
I spelet lyt spelaren «spele» akkordprogresjonar på kassegitar, og i oppussinga har liksomgitarane blitt vigd ein eigen modus. Her kan spelaren tafse i veg på handkontrollen sin og klunke av hjartans lyst med avgrensa handstillingar på virtuelle nylon- og stålstrengskassegitarar, banjo, elgitar med dårlege effektar og anna. Rett nok har Guitar Hero inspirert barn til å spele gitar i røynda, men dette blir fort gamalt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.