Musikk
Gjennomarbeidd til det perfekte
Perfeksjonismen døyver ikkje musikkgleda.
«Det ville vore lettvint å skildra dette materiale som eit par glimrande musikarar som har det kjekt saman. Det er sjølvsagt tilfellet, men det vil ta merksemda vekk frå all refleksjon og alt arbeid som ligg bak å skapa musikken på dette albumet», skriv John Surman i omslagsteksten (mi omsetjing). Surman konkluderer på aldeles presist vis. Wayfarer har spelegleda og dei gjensidige utfordringane, men det er alt arbeidet med produksjonen totalt sett som imponerer mest.
Luftig og glasklart
Det er nettopp alle dei korrekte vala dei har gjort med dei sju komposisjonane, som gjer dette til fascinerande musisering. Det er på sin plass å nemna Thomas Hukkelberg, som har miksa plata. Han har heilt sikkert gjort sitt for at resultatet skulle bli så bra som det er blitt. Repertoaret er variert, og dei kombinerer vibrafon og marimba heile vegen.
Friedman trakterer vibrafonen på fem av låtane. Dei har arrangert låtane slik at lydbiletet er luftig og glasklart. Overtonespekteret til desse instrumenta kan vera ein handfull å hanskast med. Dei nyttar demping og panorering på effektivt vis. «Moanin’» av Bobby Timmons er eit glitrande døme på sistnemnde verkemiddel. Tolkinga av denne standarden er stilisert, enkel og original – eit døme på at «utspelte» klassikarar framleis kan tilførast noko nytt.
Ettertenksamt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.