Film
Gledeleg gjensyn
Downton Abbey, the movie, speler ut heile rollegalleriet og er akkura det fansen vil ha.
Tenarskapen i Downton Abbey likar ikkje å bli sette til side av tenarane kongen har med seg til godset.
Foto: United International Pictures
Har du ikkje sett TV-serien Downton Abbey, er denne filmen verdilaus. Er du derimot ein av dei som såg soga om familien Crawley og tenarane deira, kan du flytte inn att i det ferdig møblerte universet – og kose deg. TV-serien, som gjekk over seks sesongar frå 2010 til 2015, var ei utilslørt hyllest til det britiske aristokratiet, men med sensibilitet for tenarskapet.
Det er i desse downstairs-rollefigurane ein får noko som liknar kritikk av denne tida, sjølv om det heile først og fremst er estetisert overflate. Hovudingrediensen i Downton Abbey er og var tidskoloritten: all pompen og prakta, dei store salane og dei snirklete trappene, den konstante tedrikkinga og det interne intrigespelet. Plottet er berre krydder. Det er kulturell nostalgi som er motoren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.