Gneistrande spelt!
Dahl, Flaten og Johansen har verkeleg funne tonen.
Pandemic Solution.
Foto: Blåmann Records
Jazz
Pandemic Solution
Afterdog
Norvald Dahl, piano; Ingebrigt Håker Flaten, bass; Håkon Mjåset Johansen, trommer.
Blåmann Records
Det er sikkert tilfeldig, men i det siste har eg fått tilsendt ei mengd pianotrio-plater. Eg har måtta rydda i køen for å unngå å melda pianotrioar kvar veke. Då eg lytta på Afterdog første gong, forstod eg at her måtte det gjerast unnatak. Trioen Pandemic Solution har historiske røter attende til 60-talet og Dahl spelar McCoy Tyner-inspirert som berre Dag Arnesen gjorde i sine velmaktsdagar.
Dei åtte låtane er alle førte i pennen av Norvald Dahl. Det er stor variasjon i repertoaret, frå opningssporet «The Pandemic» og «Dionysis», to kraftfulle, raske låtar, til den harmonisk elegante valsen «Bouncing with Brad» og «Russell», med ein hymneliknande intro som Ingebrigt Håker Flaten og Håkon Mjåset Johansen etter kvart får til å koka som ei skikkeleg New Orleans-gryte. Låtmaterialet er heilt klart med på å heva plata godt over gjennomsnittet.
Også solistisk er det mykje å gleda seg over, og sjølvsagt sit også her Dahl i førarsetet, men Flaten har truleg det vakraste bidraget i den impresjonistiske balladen «Fractions». Elles er det samspelet dei tre imellom som er den største attraksjonen med plata. Nemnde «The Pandemic» er illustrerande døme på dette samspelet, med den intense dialogen mellom Dahl og Johansen, der dei skiftar på å vera førande, og Flaten ligg som eit balanserande ankerfeste midt i lydbiletet. Lyden og miksen er glimrande, særleg trommene er utruleg detaljrikt attgjevne. Ei særs positiv følgje av pandemien!
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Pandemic Solution
Afterdog
Norvald Dahl, piano; Ingebrigt Håker Flaten, bass; Håkon Mjåset Johansen, trommer.
Blåmann Records
Det er sikkert tilfeldig, men i det siste har eg fått tilsendt ei mengd pianotrio-plater. Eg har måtta rydda i køen for å unngå å melda pianotrioar kvar veke. Då eg lytta på Afterdog første gong, forstod eg at her måtte det gjerast unnatak. Trioen Pandemic Solution har historiske røter attende til 60-talet og Dahl spelar McCoy Tyner-inspirert som berre Dag Arnesen gjorde i sine velmaktsdagar.
Dei åtte låtane er alle førte i pennen av Norvald Dahl. Det er stor variasjon i repertoaret, frå opningssporet «The Pandemic» og «Dionysis», to kraftfulle, raske låtar, til den harmonisk elegante valsen «Bouncing with Brad» og «Russell», med ein hymneliknande intro som Ingebrigt Håker Flaten og Håkon Mjåset Johansen etter kvart får til å koka som ei skikkeleg New Orleans-gryte. Låtmaterialet er heilt klart med på å heva plata godt over gjennomsnittet.
Også solistisk er det mykje å gleda seg over, og sjølvsagt sit også her Dahl i førarsetet, men Flaten har truleg det vakraste bidraget i den impresjonistiske balladen «Fractions». Elles er det samspelet dei tre imellom som er den største attraksjonen med plata. Nemnde «The Pandemic» er illustrerande døme på dette samspelet, med den intense dialogen mellom Dahl og Johansen, der dei skiftar på å vera førande, og Flaten ligg som eit balanserande ankerfeste midt i lydbiletet. Lyden og miksen er glimrande, særleg trommene er utruleg detaljrikt attgjevne. Ei særs positiv følgje av pandemien!
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media