Bok

Gnostiske fantasiar

Fleire av dikta held god kvalitet, men diverre endrar ikkje det inntrykket av uforløyst poetisk potensial.

Åsa Maria Kraft debuterte i 1997 og er prislønt for forfattarskapen.
Åsa Maria Kraft debuterte i 1997 og er prislønt for forfattarskapen.
Publisert

Åsa Maria Kraft (f. 1965) er eit kjent namn i svensk litteratur, men er nok eit nytt land for mange her i landet. Med omsetjinga av diktsamlinga Robotsand vert ho for fyrste gong presentert på norsk, i Martin Ingebrigtsens solide versjon.

Boka kom i 2018, og det tener Samlaget til ære at vi alt i 2021 får ei fullstendig utgåve i omsetjing, for det kan ikkje ha vore ei lett oppgåve å overføre originalen til god nynorsk.

Forfattaren opplyser i notane at boka er inspirert av gnostiske tekstar som finst i det såkalla Nag Hammadi-biblioteket. Desse tekstane vart funne i Egypt så seint som i 1945. Difor kan kanskje den noko spesielle tittelen lesast som ei metaforisk tingleggjering av ørkensanden – som det finst mykje av i denne delen av verda.

Ho seier òg at boka, særleg i fyrste bolken, hermar den fragmentariske forma som manuskripta er i, og ho vrir og vender på sentrale omgrep i den gnostiske tankeverda. Gnostisismen kom på moten særleg etter at litteraturgranskaren Harold Bloom omfamna han, og her heime har ikkje minst Jon Fosse flørta med retninga, jamfør Gnostiske essay. Kort fortalt er gnostisisme ei rørsle i tidleg kristen tenking som søkte religiøse innsikter meir enn rein tru. Gnostisismen er utprega eklektisk og omfattar element frå ei rekkje tankesystem, særleg nyplatonismen.

Ein sentral figur i boka er dokker, plastdokker, som mellom anna skal lesast som bilete på gnostikarane: «dokker spreidde/ over verda skal vi/ snart spreie oss». Mellomromma i det poetiske oppsettet mimar ei fragmentarisk og «sprengd» form, med lakunar og brot på normalsyntaksen. Vi finn òg eit utprega spel med grammatiske bøyingsformer: «Dokkene bøyer bøygde skal bøye sine tøygde skal tøye tøyelege ledd». Men formgrepa overtyder ikkje heilt; dokkebiletet verkar til tider forsert og kunstig, og samanhengen med gnostisismen er heller laus: «I den gnostiske bydelen/ der vi gnostinner dokkene// bur budde skulle bu hadde budd».

Seinare i samlinga femner dokkebiletet vidare i tid og rom, og vi flytter oss geografisk frå Egypt til Mexico og til den såkalla «Dokkenes øy». Det heile er ein utprega konseptuell poesi, og summa summarum vert det ei utvendig poetisk øving, utan den djupna som emnet innbyr til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement