Film
Gudfryktig gruppeterapi for homofile
The Miseducation of Cameron Post viser det vanskelege livet som skeiv ungdom, men gløymer det store bildet.
Forrest Goodluck, Chloë Grace Moretz og Sasha Lane er på «avhomsingsleir».
Då Cameron Post (Moretz) blir teken i amorøs omfamning med ei anna jente, sender den gudfryktige tanta henne på «avhomsingsleir». Langt til skogs i Montana, midt i det kristenkonservative USA, skal Cameron kurerast for homofilien. Det vil seie, det ordet finst ikkje i vokabuleret til ho som styrer internatet, doktor Lydia Marsh (Ehle), som har lukkast med å «avhomse» broren Rick (Gallagher). Han fungerer som eit lysande eksempel.
Dr. Marsh opererer med ein modell ho kallar «isfjellet», der ungdommane skal grave i det umedvitne og finne årsakene til SSA-en («same sex attraction»). Det kunne like gjerne stått for «skadeleg seksuell aktivitet». Cameron gjennomskodar praksisen. Saman med to andre likesinna dannar ho eit fellesskap. Så godt går det ikkje med dei andre. Sterkast er ei scene der fleire sit i gruppeterapi. Ein av ungdommane siterer eit bibelvers, igjen og igjen, før han deisar i bakken, med spasmar. «De anar ikkje kva de driv med», utbasunerer Cameron.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.