JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Hans Herbjørnsrud 1938–2023

Med røtene som vengjer.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hans Herbjørnsrud på slektsgarden i Heddal i Telemark i 2002.

Foto: Ottar Fyllingsnes

4083
20231124
4083
20231124

Den 15. november døydde Hans Herbjørnsrud (85) på Notodden sjukehus – etter nokre dagars sjukeleie.

Telemarkingen er først og fremst kjend som novelleforfattar, og han vart nominert til Nordisk råds litteraturpris både i 1998 og i 2002. Den nordiske prisen fekk Herbjørnsrud aldri, men han kunne ta mot andre gjæve prisar. Det byrja med Tarjei Vesaas’ debutantpris for Vitner i 1979. Debutanten var 41 år, og det toppa seg seinare med Kritikarprisen for Blinddøra i 1997. Novellesamlinga var blant dei mest kritikarroste bøkene dette året. Dagbladet slo fast at dei tre novellene i samlinga var tre innertiarar. Herbjørnsrud har aldri skrive betre, konkluderte Aftenposten. Heime i Heddal hoppa og dansa forfattaren over dei gode kritikkane, men aller mest gledde han seg då han skreiv boka. Ho vart skriven i gledesrus, fortalde melankolikaren.

Det var ikkje opplagt at Hans Herbjørnsrud skulle verta forfattar. Han kom frå det som han kalla «ein boklaus heim». På garden var det tre bøker: Bibelen, salmeboka og ei bok om kongens garde. Men Herbjørnsrud meinte at det var ein stor fordel å koma frå ein slik heim. Ikkje noko av litteraturen kom gratis til han, men etter at han byrja å lesa, kunne han gå på oppdagingsferd og finna fram sjølv.

Då han var i fjerdeklassen i folkeskulen oppdaga læraren det skrivande talentet. Og då guten var 14 år, fekk han høyra: Du kjem til å verta diktar, Hans! Og skriva mange bøker!

Som 16–17-åring vart han oppteken av Helge Krog, Arnulf Øverland og Sigurd Hoel, og kulturradikalarane kom til å bety mykje for han. Han oppdaga at det fanst andre måtar å tenkja på enn det som var vanleg i småbyen og på landsbygda. Dei tre var revolusjonære i forhold til bondemiljøet på 1950-talet, men det litterære formspråket var konservativt.

Etter kvart knytte Herbjørnsrud seg meir til Tarjei Vesaas, Johan Borgen og Aksel Sandemose. Seinare fortalde han at språket til Vesaas gjekk rett i blodet, nesten som flugesopp. Det gjorde meg ør, sa han.

Herbjørnsrud hadde den første artikkelen på trykk i Vinduet i 1964, og saman med kameraten Kjell Cordtsen, som var redaktør i Orientering, drog han til Hvaler for å intervjua Johan Borgen. Det må ha vore spesielt, for intervjuet varte i 16 timar – heilt til den lyse morgonen.

Men på slutten av 1960-talet fekk m-l-arane for mykje å seia i det litterære miljøet i hovudstaden, og det reagerte Herbjørnsrud sterkt på. Han hadde lærarutdanning, og i 1969 flykta han og kona til Gudbrandsdalen og seinare til Orkdal for å vera folkehøgskulelærarar.

Men i 1976 flytta han tilbake til slektsgarden Herbjørnsrud i Heddal for å verta bonde. Hadde eg ikkje vendt tilbake til barndomsmiljøet, hadde eg ikkje vorte forfattar, uttalte han. Den første tida dreiv han med korn og grønsaker, men etter 1995 leigde han bort garden. Men det var dette landskapet Herbjørnsrud skreiv om både i novella «På gamletun i Europa» og i andre noveller.

Til garden høyrde både skog og dyrka mark, men litt etter tusenårsskiftet vedgjekk diktaren at det var godt å sitja inne bak skrivebordet og høyra skurtreskjaren dura ute.

Heile forfattarskapen er knytt til heimstaden Heddal, men samstundes inviterte han verda, både den litterære og den verkelege, inn på tunet. Han ville bruka røtene som vengjer og bad lesarane inn på gamletun i Europa. Og der – som ofte elles – handla det om identitetsproblematikk. Fleire av dei lange novellene har han omtalt som fiksjonalisert sjølvbiografi.

Herbjørnsrud gav ikkje ut mange bøker – berre vel ei handfull. Det gjekk gjerne fem år mellom kvar bok, og det var lenge nok til at han gjekk i gløymeboka i kulturredaksjonane. Difor måtte telemarkingen nyoppdagast kvart femte år, og han snakka om gjennombrot med kvar ny novellesamling.

Han skreiv både på bokmål, nynorsk og bygdedialekt. Og han blanda både forteljarstilar og språkstilar. Novellene hans er omsette til mange språk, men no er det lenge sidan dei har vorte trekte fram i lyset. Det bør både forlag, bokhandlarar, bibliotek og lesarar gjera noko med.

Ottar Fyllingsnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis