Hans Herbjørnsrud 1938–2023

Med røtene som vengjer.

Hans Herbjørnsrud på slektsgarden i Heddal i Telemark i 2002.
Hans Herbjørnsrud på slektsgarden i Heddal i Telemark i 2002.
Publisert

Den 15. november døydde Hans Herbjørnsrud (85) på Notodden sjukehus – etter nokre dagars sjukeleie.

Telemarkingen er først og fremst kjend som novelleforfattar, og han vart nominert til Nordisk råds litteraturpris både i 1998 og i 2002. Den nordiske prisen fekk Herbjørnsrud aldri, men han kunne ta mot andre gjæve prisar. Det byrja med Tarjei Vesaas’ debutantpris for Vitner i 1979. Debutanten var 41 år, og det toppa seg seinare med Kritikarprisen for Blinddøra i 1997. Novellesamlinga var blant dei mest kritikarroste bøkene dette året. Dagbladet slo fast at dei tre novellene i samlinga var tre innertiarar. Herbjørnsrud har aldri skrive betre, konkluderte Aftenposten. Heime i Heddal hoppa og dansa forfattaren over dei gode kritikkane, men aller mest gledde han seg då han skreiv boka. Ho vart skriven i gledesrus, fortalde melankolikaren.

Det var ikkje opplagt at Hans Herbjørnsrud skulle verta forfattar. Han kom frå det som han kalla «ein boklaus heim». På garden var det tre bøker: Bibelen, salmeboka og ei bok om kongens garde. Men Herbjørnsrud meinte at det var ein stor fordel å koma frå ein slik heim. Ikkje noko av litteraturen kom gratis til han, men etter at han byrja å lesa, kunne han gå på oppdagingsferd og finna fram sjølv.

Då han var i fjerdeklassen i folkeskulen oppdaga læraren det skrivande talentet. Og då guten var 14 år, fekk han høyra: Du kjem til å verta diktar, Hans! Og skriva mange bøker!

Som 16–17-åring vart han oppteken av Helge Krog, Arnulf Øverland og Sigurd Hoel, og kulturradikalarane kom til å bety mykje for han. Han oppdaga at det fanst andre måtar å tenkja på enn det som var vanleg i småbyen og på landsbygda. Dei tre var revolusjonære i forhold til bondemiljøet på 1950-talet, men det litterære formspråket var konservativt.

Etter kvart knytte Herbjørnsrud seg meir til Tarjei Vesaas, Johan Borgen og Aksel Sandemose. Seinare fortalde han at språket til Vesaas gjekk rett i blodet, nesten som flugesopp. Det gjorde meg ør, sa han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement