Bok

Hauge-dagbøkene

18. juli 1962: Brokut og mangfaldig er livet på brui. Ei livsens bru, kan me segja.

Publisert

Ivo Andric: Broen over Drina. Nobelpris-bok. Og ei stor bok er det. Denne brui han fortel um, vart bygd yver Drina i 1520-åri, av ein serbar som hadde tent seg upp til vesir i det tyrkiske riket. Og ei vakker og god bru var det. Ho stend til fyrste verdskrigen.

Me fær glimt og utgreidingar, sogor, segner og historiske fakta um ein annan frå byen ved brui fram gjenom tidene. Det er umogeleg å kalla boki ein roman, endå boki er vel nærast det, ho er eit epos um brui yver Drina, denne brui som meir og meir vert eit symbol på menneskeverk som samstundes er både vakre og nyttige, som verk er som er skapte på Guds ord.

Brokut og mangfaldig er livet på brui. Ei livsens bru, kan me segja. Og mange underlege lagnader fær me sjå. Mange voner logar upp og sloknar med elvi renn og brui spenner sine bogar yver det brusande vatnet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement