Film

Hemmelege heltar

Historia om nettverket for abortar i Chicago for femti år sidan er lærerik og deprimerande aktuell.

Dokumentarfilmen om The Janes inneheld arkivfoto som gjev eit godt tidsbilete.
Dokumentarfilmen om The Janes inneheld arkivfoto som gjev eit godt tidsbilete.
Publisert

The Janes er historia om eit kriminelt nettverk som dreiv organiserte lovbrot i stor skala i Chicago frå 1969 til 1973. Elleve tusen lovbrot. Eller, som ei av «the Janes» seier, dei var vanlege kvinner som berga livet til kvinner. Slikt likte ikkje styresmaktene.

Systemet

I helsevesenet møtte kvinner ein mur av mannlege legar. Kvinner hadde skrint med rettar. Gjengen som blei Jane-kollektivet, utførte trygge, ulovlege abortar utan legeutdanning. Geriljaverksemda kravde at dei bytte hus flittig, at dei kunne setje opp ein ny operasjonsarena på eit kvarter og så forsvinne på fem minutt. Dei var imponerande. Dramatikken gjev eit snev av krim.

I forma er The Janes ein ordinær fjernsynsdokumentar med snakkande hovud, arkivbilete og dramatisk musikk. Innanfor dei rammene er filmen solid. I tillegg til sentrale aktørar i rørsla som mimrar ope og ærleg, har regissørane Tia Lessin og Emma Pildes fått med ein kar som lenge gjorde operasjonane for dei. Han gjorde det for pengane, men i motsetnad til mange andre nytta han ikkje høvet til overgrep.

Tida

Intervjuet med ein politimann som motvillig var med då dei gjekk til aksjon mot gruppa og fengsla dei, er også eit interessant perspektiv. Gamle bilete av dei som fører ordet, gjev idear om korleis dei var, og dei mange arkivopptaka frå tida bidreg til tidsbiletet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement