Film
Historia som tragedie og farse
Ei rettssak blir nok eit døme på regissørens hang til teatralsk dialog.
Sacha Baron Cohen som Abbie Hoffman og Jeremy Strong som Jerry Rubin i filmen.
Foto: Niko Tavernise / Netflix
Æra jury. Innleiingsvis vil eg legge vekt på at dette påkosta rettssalsdramaet har det som skal til for å gå fri. Eit stjernelag av skodespelarar, ein tiljubla manusforfattar, ei historisk og viktig politisk-juridisk hending med overføringsverdi til vår tid. Likevel mislukkast The Trial of The Chicago 7.
Året er 1968, og USA fører ein stadig meir meiningslaus krig i Vietnam. Den antiautoritære tidsånda blæs over etablissementet. Før landsmøtet til demokratane i Chicago i Illinois bryt det ut opptøyar mellom politiet og den motkulturelle antikrigsrørsla. Åtte menn blir peika ut som syndebukkar og tiltalte for konspirasjonar og agitering.
Manusforfattar og regissør Aaron Sorkin (A Few Good Men, West Wing, The Social Network) er kjend for snertne replikkar og dialogdrivne «walk and talk»-drama. Det har også noko skjematisk over seg, som om forma dikterer for mykje av innhaldet. Etter ein hektisk nyheitsliknande opningsmontasje, der Sorkin presenterer hovudpersonane og den politiske konteksten, klipper han til rettssalen.
Dei to mest tonegjevande tiltalte er hippieprofeten Abbie Hoffman (Baron Cohen) og den meir saklege Thomas Hayden (Redmayne). Advokaten William Kunstler (Rylance) held dei samla, mens den aldrande dommaren Julius Hoffman (Frank Langella) alt har bestemt seg for utfallet.
Dialektikken mellom desse fire er motoren i forteljinga. Det er her den Sorkinske dialogen blir til handling, mykje takka vere skodespelarane, Rylance og Langella især.
Problemet oppstår når Sorkin skal vere regissør. Den stadige attendeskodinga til opptakta og arrestasjonen av dei tiltalte, tener ikkje forteljinga i særleg grad. Særleg når han tar seg fridomen til å leike med historia for eiga dramaturgisk vinning. Den mest bisarre (og berømte) situasjonen – den fysiske kneblinga av Black Panther-leiaren Bobby Seale – er i Sorkins univers både pompøs og underutvikla. Kan du puste, spør nokon i salen, med openberr referanse til George Floyd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.