Film

«Humor og alvor suverent blanda»

Feiarane, spelte av Jan Gunnar Røise og Torbjørn Harr, overraskar kvarandre i lunsjpraten.
Feiarane, spelte av Jan Gunnar Røise og Torbjørn Harr, overraskar kvarandre i lunsjpraten.
Publisert Sist oppdatert

La den rette koma inn

Humor og alvor er suverent blanda i den nyaste filmen til Dag Johan Haugerud.

To feiarar sit på eit lunsjrom, så seier den eine til den andre... Det kan nesten høyrast ut som ein vits, men i staden er det starten på å vera fluge på veggen når feiar 1 (Harr) fortel feiar 2 (Røise) om ein forvirrande draum, og feiar 2 toppar det heile med å fortelja at han hadde sex med ein mann etter eit jobboppdrag.

Er han homofil plutseleg? Vil feiar 1 eigentleg vera kvinne? Kva er det som definerer utruskap når det kjem til stykket? Og er det OK for sonen til feiar 1 å få sin eigen YouTube-kanal? Alle desse store spørsmåla – og svara – blir opp til sjåaren. Køyr debatt!

Sex, Drømmer og Kjærlighet – forfattar og regissør Dag Johan Haugerud er ikkje skvetten når han går i gang med filmtrilogi. Etter å ha sett fyrste bolk gler eg meg til å sjå kva draumar og kjærleik vidare betyr for personane i filmane. Kor mykje sex har å seia for eit forhold, kan diskuterast, og det er nettopp det feiar 2 og kona gjer.

At ein mann ligg med ein annan mann utan å sjå på seg sjølv som homofil, er ikkje daglegdags tema i filmar eller i samtalar generelt, torer eg påstå. At tanken må streifa relativt mange, torer eg òg påstå må skje oftare enn me høyrer om.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement