Bok
Huset med dei rare i
Andres selskap blei også mitt selskap, takk vere ein stødig og vital forfattar.
Jonas Sundquist bur i Oslo og er nyhenderedaktør i Psykologisk.no.
Foto: Lina Hindrum
Jonas Sundquists andre roman, Andres selskap, startar slik: «Himmelen var rosa, og sjøen gul, den kvelden Aleksander slo til han ministersønnen så nesa brakk.» Ja takk, då vil eg gjerne lese vidare. Det viste seg at leseiveren min heldt seg gjennom heile romanen.
Ikkje at ikkje nokon før har skrive om ein gjeng som drar på hyttetur og opplever flokar og rabalder. Sundquists forteljing gir seg ikkje ut for å vere spesielt original, men det er levande litteratur. Det er tyngd og snert i både språk og personskildringar, i replikkføring og situasjonsattgiving.
«Noe var galt»
Nokre unge menn og kvinner, som i studietida har utgjort samanslutninga «Selskapet», møtest på Aleksanders storslegne sommarhus på Nøtterøy. Straumen er gått, og det er duka for improvisasjon.
Gjengen kjem etter alle solemerke frå Oslo vest, og blir eksempelvis presenterte slik: «Aleksander var politiker og led av en rekke mystiske helseplager; Herman Falsen var hypokonder og kunne det periodiske system på rams; Ludvig von Richthofen spilte badminton og ble regelmessig tatt ut av skolen for å seile med familien […].» Influensaren Hedda står oppi ei plagiatsak, det er noko rart med Aleksander, og hovudpersonen Balder ber på løyndomar som dei færraste får ta del i.
Det viser seg at sjølve huset skjuler ein gedigen løyndom, i tillegg til at det knirkar og er omsverma av svarte kråker, og Balder gjentar: «Noe var galt.» Ingenting er meir urovekkande enn: «Jeg kunne ikkje sette fingeren på det, men.» Kombinasjonen av eit overklasseselskap og grøssande sommarhusomgivnader sender i norsk samanheng tankane til Bernhard Borges (André Bjerke) psykologiske thrillerar, med De dødes tjern som den mest kjente. Men hos Jonas Sundquist ligg vekta meir på skildringa av samspelet mellom dei ulike personane. Det er uhygge nok der.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.