Bok

Hyllest til idealist og arbeidsjarn

På mange måtar er biografien om Oddny Miljeteig ei hyllest til ei kvinne som har teke parti for dei svakaste i samfunnet.

Dåverande nestleiar i SV Oddny Miljeteig då ho heldt 1. mai-tale i Bergen i 2015.
Dåverande nestleiar i SV Oddny Miljeteig då ho heldt 1. mai-tale i Bergen i 2015.
Publisert

Undertittelen på biografien om SV-politikaren Oddny Miljeteig kan kanskje få lesaren til å tru at ho ikkje er blant oss meir. Men det er ikkje slik å forstå. Boka, med den litt tvitydige tittelen Hjartebank, handlar om livet hennar frå ho i 1954 kom som adoptert spedbarn til ein veglaus gard i Åkrafjorden sør for Odda, fram til ho 64 år gammal gjekk ut av politikken etter ei alvorleg sjukdomshistorie.

Hjartebank betyr at ein kjenner hjarteslaga betre enn vanleg på grunn av tungt slit eller sterke kjensler. Forfattaren Kjersti Mjør har kanskje tenkt på begge delar, for Oddny Miljeteigs utolmodige engasjement, allsidige arbeid i Bergens sosiale og politiske liv og store medkjensle med og innsats for dei som har det tungt, har sikkert tært på kreftene hennar. Men framfor alt peikar tittelen nok på ei kvinne med sterke kjensler.

Ein ekte SV-ar

På mange måtar er dette ein hagiografi, ei hyllest og takk til ein idealist og eit arbeidsjarn som alt som ung kvinne tok parti for dei svakaste i samfunnet. Gjennom politikken ville ho gjere noko for å betre tilhøva deira, og gradvis klatra ho nesten til topps i Sosialistisk Venstreparti.

Ho vart SVs nestleiar i 2015, men blei sjuk kort tid etter og måtte trekke seg. Som politikar merkte ho seg snart ut med det hennafarga krusete håret sitt, dei raude strømpene, gløden og det upolerte språket, men ho var godt likt og respektert av alle.

Kvinnesak og målsak, som ho engasjerte seg i alt i studietida i Bergen i 1970-åra, var viktige i heile det politiske livet hennar. Ei av dei mange kampsakene hennar var å få UDI til å leggje større vekt på «kjønnsbasert forfølging» som grunnlag for asyl i Noreg. Etter ein intens lobbypolitikk fekk ho det til. Ho og fleire andre i bergensmiljøet hadde til og med late utsette kvinner bu hos seg i løynd ein periode. Seinare vart det straffbart å skjule flyktningar, men ho ville ha gjort det same igjen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement