Bok

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Publisert

Ingvild Lothes debutbok Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt (2016) kom i heile fem opplag. Det er sjeldan noko slikt skjer, men kanskje trefte nett desse dikta livskjensla til fleire. Romanen Havfruehjerte frå 2019 var sterkt influert av uttrykksmåtane i poesien.

Barnet er som skåret ut av tung silke er Lothes andre diktbok. Stilen er attkjenneleg lothesk, kontant, ærleg og rå. Sjølv om tematikkane handlar om dei såkalla nære tinga, der barnet, omsorga og moderskapet er viktige omdreiingspunkt, kan ein spore motsetnadane som strøymer gjennom forfattarskapen til Lothe også i desse dikta: mellom draumen og idealiteten på eine sida, og realitetane og det trivielle på den andre.

Hos Lothe kolliderer dette, og dikta fangar inn augeblikka der det støyter saman og krakelerer. Effekten er at ein kjenner at det lyriske eget står fram nakent, og at språket kjennest ærleg. Og slik kan linene vippe mellom omsorg og brutalt maktperspektiv: «små føtter ligger og hviler i håndflaten min // de kan ennå ikke gå / fra meg».

I staden for å skrive om andre og lidingane deira skriv det lyriske eget «heller om solen/ slik jeg kjenner den». Lothe skriv altså ein type vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse – sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Dikta er vende mot jorda og det jordiske. Det lyriske eget freistar avgrense verda og ramme inn livet: Hagen, men også ein økologisk impuls, er eit gjennomgåande motiv i boka. Alt i eit av dei første dikta høyrer ein at «rundt hagen bygger jeg et gjerde/ for å holde barna på plass». Vidare høyrer ein om korleis hagen vert dyrka opp med tulipanlauk, fikentre og diverse grønsaker, men «potetene råtnet bort/ i det evige sommerregnet», og brunsniglane er aktive, «alt det resterende gikk til dem».

Den ideelle miniatyrverda, med hagen, barna og dei nære tinga, slår altså ofte sprekkar og vert overskriden, for etter dei har ete sashimi til middag, «bruker jeg/ mine siste kroner/ på å kjøpe aksjer/ i SalMar og Lerøy/ skal de først ødelegge/ mine barndoms sjøer/ skal jeg ha min del».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement