Bok
Ikkje berre «fjeldaber»
Den danske bog om Norge vil gje danskar eit nyansert syn på Noreg, om enn på noko overflatisk og anekdotisk vis.
Små land, som nettopp på grunn av manglande storleik ofte vert oversette ute i den store verda, er gjerne meir enn vanleg opptekne av kva andre måtte meina om dei. Og vi kjem vel ikkje frå at dette gjeld Noreg. Ingen får seia noko positivt om Noreg ute i den store verda utan at det vert registrert og gjeve att i norske medium. Fremst av desse storhendingane var i si tid Roosevelts tale «Look to Norway», sjølv om det eigentleg var kronprinsessa han likte å sjå på. Og i nyaste tid har vi sett korleis kulturministeren har vore over seg over at Tom Cruise har sagt mykje fint om landet vårt, rett nok inspirert av nokre millionar frå den same kulturministeren.
No har det kome ei dansk bok som «ser på Noreg», så då er det vel Dag og Tids og mi plikt å kontrollera om ho seier noko fint om Noreg. Sjølv om det er mindre gildt at boka kjem frå eit anna lite land. Vi likar best amerikansk skryt. Dessutan er det eit ope spørsmål om forfattaren av denne boka, som er nordisk filolog og journalist, er ekte utlending.
Anekdotisk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.