Film
Ikkje heilt maks manus
Jakta på den verkelege Torstein Raaby er meir sjarmerande enn nyskapande.
Torstein Raaby, den største krigshelten i Nord-Noreg, spion og deltakar på Kon-Tiki-ekspedisjonen.
Foto: Screen Story
I 1964 er kyrkja på Dverberg fullsett. Andøyas store eventyrar og krigshelt, Torstein Raaby, skal gravleggjast. Nokre tiår seinare skal den då unge Stian Indrevoll starta si dokumentasjonsferd for den gamle barndomshelten sin.
Undervegs snakkar han med motstandsfolk, ekspedisjonskompisar og ekskjærastar, men både bokprosjekt og dokumentar strandar av ulike grunnar. Tjue år seinare tek han opp tråden igjen og fullfører søkinga etter kva som eigentleg skjedde med Torstein Raaby.
Testomentar
Det er interessant at interessa for krigsheltar frå andre verdskrigen aldri ser ut til å avta. Kva er det som skjer med menn når dei bikkar ein viss alder? Eg har ein hypotese om at etter fylte 60 vil alle menn føla at dei eigentleg har opplevd krigen. Såleis skil regissør Stian Indrevoll seg ut ved at han byrja sin fascinasjon då han var i slutten av tenåra, men så var det også Eventyrar-Torstein som greip han mest.
For å fortsetja generaliseringa er det heller ikkje uvanleg at unge menn idoliserer andre unge menn som har utført vågestykke som polferder og tindeklatring, og som i dette tilfellet: sjølvaste Kon-Tiki-ferda. Testosteron blanda med dumskap har i stor grad gjort at historia er full av menn, og denne historia er ikkje annleis. Likevel freistar Indrevoll å sjå om han kan finna ut kven Torstein var bak den tøffe fasaden. Han lukkast delvis.
Sin Tiki
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.