Bok

Ikkje la folk vente

Problem går ikkje vekk som ved eit trylleslag.

Marianne Teie arbeider som lærar i Oslo ved sida av forfattarskapen.
Marianne Teie arbeider som lærar i Oslo ved sida av forfattarskapen.
Publisert

På omslaget av Marianne Teies andre roman, Jeg kan ikke trylle, ser vi blokkleilegheiter i kvelds- eller nattemørke, der mange av vindauga er mørke; nokre leilegheiter er det lys i. Det er eit enkelt, men talande bilde av at utanfrå er det uråd å vite korleis folk har det i heimen sin. Vi kan sjå om dei har lyset på eller av; det er alt.

Ein roman kan derimot opne dørene for oss. Når vi møter eg-personen Janis, er ho på veg ut frå fengselet, no drar ho heim til blokkleilegheita til mora. Kapitla vekslar mellom notid og fortid, og litt etter litt får vi vite kva som har skjedd som har sendt henne i varetektsfengsel. No går ho og ventar på om det blir reist tiltale mot henne eller ikkje.

Ulike distansar

Det som er skjedd, har med mannen Trygve å gjere. Janis har levd i eit valdeleg forhold. Trygve har nedverdiga, kua og kontrollert henne på psykisk og fysisk vis. Han har isolert henne, snakka nedlatande om familien hennar, gjort henne spak og usikker og vitskremd for alt frå å ta på for mykje eller for lite leppestift til å snakke med naboane. Ho har snakka stygt om kollegaer ho eigentleg likar, for at ikkje Trygve skal kjenne seg truga. Ein dag blei det nok.

Det er ei opprivande historie. Men romanen viser òg ei anna vond historie, gjennom korleis dynamikken mellom Janis og mora speler seg ut. Distanse er ein gjennomgangsfaktor. Mora held mykje inne, vil ikkje snakke om ting, og ho viser ikkje spontan glede før den unge venen hennar Jesper kjem på besøk.

Mot Janis er ho avmålt, og når ho klemmer dottera eller føreslår noko dei kan gjere saman, ser det ut til å vere meir utslag av dårleg samvit enn av spontan og ektefølt kjærleik. Dette registrerer Janis, som blir såra. For å seie det med Janis: «Fint, sier mamma, med en lys stemme som hun bruker på hunder og på meg.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement